Hopp til innhold

Israel med evaku­erings­plan: – Kan vere tåke­legging

Den israelske regjeringa skal ha fått presentert ein plan om evakuering av sivile frå Gaza. Planen skal òg innehalde detaljar om eit åtak på Rafah.

Internt fordrive palestinsk jente matar bror sin i Rafah.

Ei palestinsk jente matar bror sin i Rafah søndag. Familien måtte flykte frå heimen sin etter israelske åtak.

Foto: SALEH SALEM / Reuters

Det er Israel sitt forsvar (IDF) som skal ha lagt fram planen for statsminister Benjamin Netanyahu sitt krigskabinett, melder nyheitsbyrået AFP.

Planen blei presentert kort tid etter at Netanyahu sa at ein bakkeinvasjon av byen Rafah sør på Gazastripa er naudsynt for ein «fullstendig siger», skriv NTB.

Les også Hamas til NRK: – USA og Israel er tjent med å spre rykter om en positiv fremgang

Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

– IDF har overfor krigskabinettet lagt fram ein plan for å evakuere befolkninga frå kampområda på Gazastripa og de komande operasjonelle planen, heiter det i ei utsegn frå statsministeren sitt kontor.

– Om det er ein plan som er laga kun for å luftast, så vil det vere tåkelegging av realitetane, seier Jørgen Jensehaugen ved fredsforskings-instituttet Prio.

Han meiner tanken bak planen kan vere å vise at ein ynskjer å ta humanitære omsyn.

Jørgen Jensehaugen

Seniorforskar Jørgen Jensehaugen ved Prio seier planen kan vere tåkelegging frå israelsk side.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Israel har heile tida sagt at bakkeinvasjonen kjem. Så om planen ikkje fungerte, kan dei seie at dei prøvde, seier seniorforskaren.

Evakueringsplanen skal ikkje innehalde detaljar om korleis eller kor dei sivile skal flyttast.

– Etter kvart må dei fortelje meir. Om det no er fordi det er tidleg fase, fordi planen faktisk ikkje er heilt utarbeidd, eller om dei ynskjer å halde han skjult, er vanskeleg å seie, fortel Jensehaugen.

Ein plan for å levere humanitær hjelp til Gazastripa skal òg vere godkjent, «for å hindre plyndring i nord og andre område», heiter det vidare.

Palestinarar ventar på humanitær naudhjelp på stranda i Gaza by 25. februar 2024

Palestinarar ved havet ventar på humanitær naudhjelp i Gaza by søndag.

Foto: Mahmoud Essa / AP

– Total siger veker unna

Israel har møtt sterk kritikk for planen om å gå inn med bakkestyrkar i Rafah. Torsdag møtte utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) sin amerikanske motpart Antony Blinken.

– USA er svært tydelege på at det er «no go». Det er ikkje akseptabelt om Israel no i tillegg går inn i Rafah, sa Eide til NRK.

Les også Møttes for å snakke om Gaza: – Ikke akseptabelt om Israel går inn i Rafah

Utenriksminister Espen Barth Eide møtte USAs Antony Blinken til et bilateralt møte under G20 i RIo

Rundt 1,5 millionar palestinarar er trengt saman i Rafah, der dei søker tilflukt frå kampane i andre delar av det Hamas-styrte palestinske territotiret.

No skriv Times of Israel at bakkeinvasjonen i Gaza sin sørlegaste by kan bli «noko utsett».

Det avheng av om det blir inngått ein avtale om våpenkvile mellom Israel og Hamas, ifylgje Netanyahu.

Men når den varsla bakkeinvasjonen fyrst finn stad, hevdar statsministeren at total siger berre er «veker unna».

SISTE NYTT

Siste nytt