Hopp til innhold

Israel har oppretta «trygg sone» i ørkenen: – Her er ingenting

1,8 millionar er fordrivne frå heimane sine på Gazastripa. Israel har no oppmoda folk til å reise til al-Mawasi, ei lita stripe land sør for Khan Younis.

Ei kvinne og eit barn sit på skitne madressar i ørken. Klede er hengt opp på ei snor i bakgrunnen.

Det skal vere om lag 50.000 i al-Mawasi laurdag, men det er venta at fleire vil kome i løpet av dei neste dagane.

Foto: Fatima Shbair / AP

Samstundes som at Verdas matvareprogram åtvarar om mogleg humanitær kollaps på Gazastripa, og rapporterer om at 9 av 10 ikkje får i seg mat dagleg, ber Israel sivile om å reise til al-Mawasi.

Eit område der det verken skal vere mat eller reint drikkevatn:

– Eg manglar alle fasilitetar her, eg manglar alt for å føle meg som eit menneske. Eg pleidde å bu i Gaza som eit menneske, eg mangla ingenting. Eg åt og drakk, treivst i huset mitt, kjende meg trygg.

Det seier Imad al-Talateeny til nyheitsbyrået AP. Han er ein av dei som har flykta til al-Mawasi, eit område som Israel no kallar ei «permanent trygg sone».

– Her er eg ikkje trygg. Vi er redde, barna mine græt. Her bur eg i ørkenen, det er ingen gass, ikkje vatn, vatnet vi drikk er forureina, fortel han.

Al-Mawasi er ei stripe land sør på Gazastripa, i eit ørkenområde tidlegare busett av beduinar. Det er uvisst nøyaktig kor stor den humanitære sona skal vere. Ifølge Al Jazeera skal det dreie seg om 14 kvadratkilometer.

På torsdag skal den israelske hæren (IDF) ha kalla området for ei «humanitær sone» til journalistar.

Men folk kjenner seg ikkje trygge der. Berre kilometer unna, i Khan Younis, skal det har vore fleire angrep i natt, ifølge Al Jazeera, som melder at ein familie på 13 skal vere drepne. Også i Rafah skal det har vore angrep i natt, der minst ti personar skal ha blitt drepne.

Ei kvinne sit i eit provisorisk telt. Det er treplankar sett opp mot kvarandre, med ein gjennomsiktig duk på seg.

Sivile på Gazastripa må skaffe og sette opp eigne telt i al-Mawasi, etter å ha blitt fordrivne frå heimane sine.

Foto: Fatima Shbair / AP

Provisoriske telt

I al-Mawasi har mange sett opp provisoriske telt på området, dei fleste er av plast. Andre bur i bilane sine. Om kvelden sit folk samla rundt bål for å halde varmen.

Saada Hothut er ein av dei som ikkje har funne ly til seg og barna sine. Tårene renn nedover kinna når ho skildrar forholda i leiren:

– Her er ikkje ly, ikkje telt, her er ingenting, ikkje ein gong vatn. Vi frys om nettene. Vi dekker oss med nylon. Alle ser korleis vi søv. Alt vi har no er Gud, fortel ho til AP.

Teltleir og nokre brakker på eit jorde.

Al-Mawasi er eit ørkenområde, tidlegare busett av beduinar.

Foto: Fatima Shbair / AP

Bebuarane i leiren rapporterer om diaré, oppkast og mangel på mat, reint drikkevatn og privatliv.

Det finst ikkje toalett, og nokre vel å forlate den trygge sona – for å bruke fasilitetar på nærliggande sjukehus. Laurdag formiddag melder Al Jazeera at det skal vere om lag 50.000 menneske i al-Mawasi.

Det er venta at dette talet vil stige dei neste dagane. Over 85 prosent av alle som bur på Gazastripa, er fordrivne frå heimane sine, over 1,8 millionar.

Les også FN provosert av Israel sine evakueringskart: «Umogleg» å etablere trygge soner i Gaza

Kan auke risikoen for angrep

– Utan dei riktige forholda, vil ein konsentrasjon av sivile i ei sone, i samanheng med aktive krigshandlingar, auke risikoen for angrep og ytterlegare skade. Ingen «trygge soner» er verkeleg trygge når ho blir erklært frå berre ei side, eller blir handheva av væpna styrkar.

Det skreiv ei rekke humanitære organisasjonar i ei felles fråsegn i november, mellom anna fleire FN-organisasjonar, Verdas helseorganisasjon og Redd Barna.

Dei la ved tre krav som dei stiller til eventuelle opprettingar av trygge soner, men presiserte at dei ikkje ønsker å ta del i det:

  1. Partane må respektere den sivile karakteren ved området, og ikkje gå til angrep på område i og rundt sona
  2. Mat, vatn, husly, helsehjelp og sanitetsfasilitetar på vere til stades.
  3. I tillegg krev dei at dei fordrivne menneska får returnere til bustadane sine så raskt som mogleg.
Ein raud bil med dekk og eigedelar knytt fast på taket køyrer over eit gjørmete område. Mange menneske går bak bilen. Ein mann syklar i gjørma. Eit esel i bakgrunnen.

Over 1,8 millionar er fordrivne frå heimane sine på Gazastripa. Fleire i al-Mawasi fortel at dei no bur i bilane sine.

Foto: Fatima Shbair / AP

Motstridande beskjedar

Israel har fleire gonger gitt instruksar om kvar sivile palestinarar bør evakuere og kvar det er trygt å opphalde seg. Dette har dei gjort ved å sende tekstmeldingar eller ved å sleppe flygeblad over byar.

Den første instruksen som blei gitt, var at alle nord for elva Wadi, som ligg omtrent midt på Gazastripa, måtte evakuere sørover. Men det har i etterkant vore intense bombeangrep også i sør, grunngitt med at Hamas har skote rakettar derfrå, i tillegg til å opphalde seg der.

Førre veke blei det sleppt flygeblad over sørlege Gaza. Det viste eit kart over Gaza, delt inn i fleire soner. IDF skisserte fire soner som trygge å opphalde seg i.

Det fekk leiaren for FN-byrået for palestinske flyktningar i Gaza (UNRWA) til å reagere:

– Evakueringsordra får folk til å presse seg saman på mindre enn ein tredjedel av Gazastripa, skreiv Philippe Lazzarini i ei fråsegn måndag.

– Vi har sagt det før og vi seier det igjen: ingen stad er trygg i Gaza, anten det er i sør, i sørvest, i Rafah eller noko som helst avtalt «trygg sone».

SISTE NYTT

Siste nytt