Hopp til innhold

FN provosert av Israel sine evakueringskart: «Umogleg» å etablere trygge soner i Gaza

Israel har bede palestinarane i store delar av Gaza om å evakuere til mindre enn ein tredel av stripa, seier eitt av FN-byråa.

Kart fra IDF som viser Gaza delt inn i ulike soner

STORE OMRÅDE: Kartet som viser sonene Israel vil evakuere har sidan blitt sletta frå forsvaret sine nettsider.

Foto: Skjermdump/IDF

Det var etter brotet på våpenkvila sist veke at massevis av små flygeblad dalte ned over sørlege Gaza.

Ein skjermdump av sonekartet som IDF har publisert.

Ein skjermdump av sonekartet som IDF har publisert.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / Skjermdump

Dei inneheldt kart teikna opp av Israel, der Gazastripa var delt inn i hundrevis av bitte små soner.

På eit anna som det israelske forsvaret (IDF) har publisert, er grupper av desse ramma inn i alle regnbogens fargar.

Desse er områda Israel vil tømme for sivile, slik at dei fritt kan angripe det dei hevdar å meine er Hamas-posisjonar.

Men oversikta har blitt møtt med sterk kritikk frå mange hald.

– For folk som har fått ordre om å evakuere, er det ingen trygg stad å reise til og veldig lite å leve på, seier talsperson for FN, Stéphane Dujarric ifølge Reuters.

NRK har laga ei omtrentleg oversikt frå IDF-karta av sør og nord. Det kan ikkje brukast som nøyaktig retningsinformasjon, men viser kor store område evakueringsordren gjeld.

Trykk på ikonet i høgre hjørne for ei meir fullstendig oversikt:

Dette oversiktskartet viser dei omtrentlege områda som Israel har kravd at folk evakuerer frå.

80 prosent av folket på flukt

Også leiaren for FN-byrået for palestinske flyktningar i Gaza (UNRWA) reagerer på Israel si kartlegging:

– Evakueringsordren får folk til å presse seg saman på mindre enn ein tredel av Gazastripa.

– Vi har sagt det før og vi seier det igjen: ingen plass er trygg i Gaza, anten det er i sør, i sørvest, i Rafah eller noko som helst avtalt «trygg sone».

-

Fleire enn 80 prosent av Gaza sine innbyggarar er allereie på flukt. No er mange av dei på veg endå lenger sør.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Eit overveldande fleirtal av Gaza sine 2.3 millionar innbyggarar har allereie flykta frå heimane sine.

Fleire av evakueringssonene inneheld, og er til og med namngitte etter, flyktningleirar der mange av desse held til.

Kartet «nytt for alle»

Forskar og forfattar Marte Heian-Engdal seier til NRK at kartet som delar Gaza inn i mange små soner er «heilt nytt for alle».

Marte Heian-Engdal

Midtausten-ekspert Marte Heian-Engdal.

– Eg trur ikkje innbyggarane i Gaza veit heilt kvar dei høyrer heime i det kartet her, og det er iallfall veldig uklart kva det er som skal vere trygt og kva det er som skal bli angripe.

– Det folk opplever er at taket kan falle i hovudet på deg kvart einaste augneblikk.

IDF har publisert fleire innlegg på X der dei viser kva veg folk skal flykte med grøne piler, men heller ikkje desse viser konkrete «trygge» område.

Men israelsk militær talsperson Avichay Adraee har publisert eit innlegg på X som dirigerer folk til desse sonene:

Desse omtrentlege sonene meiner IDF er trygge å halde til i.

I eit anna utsegn skriv IDF dette:

– Folket i Gaza er ikkje fiendane våre.

– På grunn av dette leiar IDF kontrollerte og spesifikke evakueringar av innbyggarar for å skape så mykje avstand som mogleg mellom dei og områda der kampane går føre seg.

Ny natt med harde kampar

Israel sin næraste allierte, USA, seier at offensiven i sørlege Gaza ikkje bør ha så «massive» sivile konsekvensar som angrepa i nord.

Men både innbyggarar og journalistar på bakken seier at bombeangrepa i sør også treff område som Israel har bede folk om å flykte til.

Gruppa Islamsk jihad, ein nær alliert av Hamas, seier soldatane deira har vore i harde kampar mot IDF nord og aust for Khan Younis.

Israeli air strikes, in Khan Younis

Ein eksplosjon sett frå Khan Younis seint måndag kveld.

Foto: IBRAHEEM ABU MUSTAFA / Reuters

Israelske stridsvogner skal også ha sperra av hovudvegen som koplar saman nord og sør, seier folk som bur i nærleiken til Reuters.

IDF seier at hovudvegen ut av Khan Younis mot nord «består av ei slagmark» og dermed er stengd.

Dei israelske angrepa på Gaza det siste døgnet har vore blant dei kraftigaste til no, seier FNs naudhjelpskontor. Minst 349 palestinarar er drepne og 750 skadde i same periode.

Dei Hamas-styrte helsestyresmaktene i Gaza seier at 43 døde personar hadde blitt frakta til Nasser-sjukehuset i Khan Younis tysdag morgon.

Dei presiserte ikkje om desse var blant eller i tillegg til det eksisterande talet.

Norsk Folkehjelp: – Pressa inn i eit hjørne

Gry Ballestad er leiar for utvikling og humanitært samarbeid i Norsk Folkehjelp.

– Folk som er drivne på flukt allereie, blir no pressa enda lenger sørover, der det no ikkje finst tilgang til mat, husly, medisinsk hjelp. Det er dramatisk, fortel ho til NRK.

Dei etterlyser no faktiske trygge soner der folk kan halde til medan kampane går føre seg.

Gry Ballestad

Gry Ballestad i Norsk Folkehjelp.

Foto: Tom Ingebrigtsen / NRK

– Vi snakkar ofte om Gaza som det tettast befolka området i verda.

– No har ein pressa dette folket inn i eit hjørne der det ikkje finst noko som helst av humanitær hjelp, og ein held fram med angrepa.

Ho seier at tilfluktsområda som finst, dei fleste utan nok husly, vil bli farlegare å opphalde seg i når vinterkulda kjem.

– Det er så mange sivile som blir angripne. Ein må håpe og tru at verda ser og ikkje kan akseptere dette.

– Det er heilt utruleg at vi er komne til det punktet vi er ved no.

SISTE NYTT

Siste nytt