Søndag erklærte det israelske militæret (IDF) at mesteparten av soldatane hadde reist ut av området i løpet av natta.
– I dag, søndag 7. april, har IDF sin nittiåttande kommandodivisjon fullført sitt oppdrag i Khan Younis, heitte det i utsegna.
– Divisjonen forlét Gazastripa for å samle krefter og førebu seg på framtidige operasjonar, seiar Israels forsvarsminister Yoav Gallant.
Khan Younis er totalforvandla etter kampane som har gått føre seg der. Dette synet møtte NRK sitt team etter Israel si tilbaketrekking søndag.
Foto: Jebril Abu Kmeil / NRKDermed hevdar dei å berre ha ein brigade att i området. Desse består vanlegvis av 3000 til 5000 soldatar.
Det er ikkje kjent kor mange soldatar som har reist ut.
Styrkane som er att skal vere på plass for å hindre at folk som held til i sør reiser nordover, ifølge den israelske militærradioen som NTB siterer.
Trur militæroperasjon i Rafah er avlyst
Fredsforskar og historikar Hilde Henriksen Waage seier til NRK at ho er overraska at Israel trekker seg tilbake frå Sør-Gaza no.
– No har vi i månadsvis høyrt om at Israel ikkje er ferdig med krigen før det har invadert Gazastripa frå sør, altså Rafah.
Hilde Henriksen Waage er professor i historie ved Universitetet i Oslo og seniorforskar på Fredsforskingsinstituttet i Oslo (Prio).
Foto: Martin Tegnander / Martin Tegnander / PRIO– Og så plutseleg gjer Israel dette, og trekker tilbake såpass mykje at dei omtrent står att med veldig få, om nokre, styrkar i sør. Men meldingane er litt uklare.
Waage meiner det sannsynlegvis vil vere gunstig for Israel i våpenkvile-forhandlingane, at dei har gjort nettopp dette.
Men kor lenge situasjonen vil vare, ønsker ho ikkje å spekulere om.
– Dersom vi skal tolke det Israel faktisk har gjort, så har dei vel sett seg ferdige med sin såkalla operasjon inne i Khan Younis.
– Mange av dei menneska som budde der, dei blei tvangsevakuerte til Rafah saman med mange andre. Så har alle dei som har sete ved Rafah berre venta på at Israel skulle starte sin operasjon inn mot Rafah. Men det ser no også ut til å vere avlyst.
Det israelske militæret har reist ifrå ein storby i ruinar.
IDF seier at fire av deira soldatar blei drepne i området på laurdag. Hamas hevdar dei utførte eit bakhaldsangrep på styrkar i denne byen.
No er innbyggarane frie til å reise tilbake. Den einaste attverande styrken skal kontrollere at dei ikkje reiser lenger nord, hevdar Israel ifølge NTB.
Foto: Jebril Abu Kmeil / NRKKhan Younis hadde 400.000 innbyggarar før krigen. Det er omtrent like mange som det bur i Bergen og Stavanger til saman.
Etter krigen starta i oktober i fjor, hadde byen på svært kort tid fått meir enn ein million innbyggarar. No har dei fleste som flykta hit reist vidare til Rafah.
– Har ikkje nødvendigvis dårleg tid
Spesialrådgivar i Forsvaret, Hanne Eggen Røislien, meiner at invasjonen av Rafah er utsett, men ikkje avlyst.
– Dette er ikkje noko som dei nødvendigvis har dårleg tid med. Den er ikkje avlyst, men det blir sett opp imot andre tryggingsmessige behov og kapasiteten deira.
Det siste poenget handlar om at krigen har gått føre seg lenge, og at dei ikkje har overskot og kapasitet til å halde trykket oppe i Libanon og Gaza på same tid, seier Røislien.
Røislien meiner det er sannsynleg at angrepa på Rafah blir utsett med minst ein månad.
Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRKHo viser også til den diplomatiske situasjonen.
– Hadde dei gått inn for ein Rafah-invasjon no, hadde det på ei side vore ei fullstendig punktering av kvar og ei fredsforhandling som også Israel tener på.
– Det andre er at det potensielt kan bidra til ei kraftig eskalering i regionen, og gjere at denne konflikten spreier seg.
Israel seier søndag at dei har angripe fleire delar av Hizbollah sin infrastruktur i sørlege Libanon. Dette biletet er teke etter eit israelsk angrep laurdag.
Foto: KAWNAT HAJU / AFPMen i Israel sin overordna strategi for Gaza har det heile tida stått «til slutt er det Rafah», seier Røislien.
– Dei har ei målsetjing om å knuse Hamas og hente heim dei kidnappa.
– Dersom det ikkje skjer noko slikt, så vil denne rolege perioden berre vere eit lite intermezzo før krigføringa drar til på nytt.
Netanyahu: Ingen våpenkvile før gislane er frie
Statsminister Netanyahu seier søndag at det ikkje kjem til å bli noko våpenkvile i Gaza før Hamas har sleppt fri alle dei israelske gislane.
– Vi er eitt steg unna sigeren, men prisen vi har betalt er vond og hjarteskjerande, seier han i ein tale til den israelske nasjonalforsamlinga søndag.
Anledninga er at det har gått seks månader sidan Hamas sitt terrorangrep på Israel, som starta månadsvis med krigføring inne på Gazastripa.
Statsminister Benjamin Netanyahu talte i Knesset på halvtårsmarkeringa etter Hamas-angrepet 7. oktober.
Foto: Abir Sultan / APMeklarar frå fleire land er saman i Kairo for å forhandle om ein ny mellombels våpenkvileavtale mellom Israel og Hamas.
Toppleiarar frå USA, Egypt og Qatar var venta å vere til stades, saman med delegasjonar frå dei krigande partane.
Men Netanyahu er tydeleg om vilkåra til Israel.
– Det blir inga våpenkvile utan ei overlevering av gislane. Det kjem berre ikkje til å skje, sa han.
Mennesker drept siden 7. oktober 2023
Ny stordemonstrasjon laurdag
Netanyahu er også under press frå sitt eige folk om å få heim dei israelske gislane som Hamas framleis har inne i Gaza.
Mange titusen menneske samla seg laurdag for å demonstrere i Israel, melder The Guardian.
Dei er kritiske til Netanyahu-regjeringa, og meiner dei har gjort for lite for å få dette til å skje.
Ei kvinne og eit barn ser saman på minneplakatane på Gisselplassen i Tel Aviv, Israel. Framleis samlar det seg folk her kvar helg for å krevje at dei attverande gislane blir henta heim.
Foto: Hannah McKay / ReutersPå den såkalla gisselplassen i Tel Aviv var blant anna familien til Elad Katzir til stades.
Katzir (47) blei funnen død i Khan Younis av israelske soldatar og teken med heim til Israel, ifølge IDF. Familien krev no at Israel inngår ein avtale for å få til ei gisselutveksling.
Det var den militante gruppa Islamsk jihad som tok han frå kibbutzen Nir Oz, ifølge avisa The New York Times. Framleis har Hamas fleire israelske gislar inne i Gaza.