Islands Røde Kors legg ned eit stort arbeid i området der oska frå vulkanen under Eyafjällajøkull har øydelagt livsgrunnlaget for mange bønder.
LES:
Tung oske har lagt seg over store område, og det kan gå fleire år til det kan drivast normalt landbruk på stadene som er verst ramma. Folk veit ikkje kva dei skal gjere. Mange familiar har sendt borna sine til slektningar utanfor nedfallsområdet, fordi det har vore for mykje oske i lufta.
Fleire har sendt dyra sine ut av området, men særleg dei eldre har vanskeleg for å reise frå gardane sine.
– Folk lever under eit kostant press og mange av dei vi møter har alvorlege symptom på stress. Mange har det forferdeleg, seier Johann Thoroddsen, psykolog frå Røde Kors som arbeider på eit hjelpesenter for menneske som er ramma av vulkanen.
LES:
LES:
Psykolog gir reiseråd
– Dette er menneske som aldri tidlegare har hatt behov for hjelp frå ein psykolog. Dei er redde for misse det dei eig, dei er redde for at det skal bli verre. Mange har problem med å sove og med å ta til seg mat, det er typiske stresssymptom. Dette er bønder, og dei kjenner eit tungt ansvar for at også dyra deira skal ha det bra. Det blir for mykje for dei, seier Johann Thoroddssen.
Psykologen frå islandsk Røde Kors fortel at han råder dei som er ramma til å reise bort ei stund, slik at dei kan unne seg ein periode der dei kan vakne om morgonen og vite at dei kan puste inn i rein og frisk luft.
Då blir det lettare å reise tilbake også.
LES:
Sikt på få meter
Vi køyrde inn til nokre av dei verst ramma gardane tysdag.
Då var situasjonen betre enn dagen før, då det enkelte stader var sikt på berre eit par meter på grunn av oska. Men oska ligg over alt. Når vi møter andre bilar på vegen, bles det opp ei oskesky som dekkjer heile vegen.
LES:
Vi stansa for å snakke med ein gardbrukar som fekk garden sin fullstendig nedgrisa med tung oske. Alle beitemarkene er dekte av eit tjukt lag med oske, og ingen veit kor lang tid det vil ta før dyra kan beite der igjen.
LES:
Vi får lov å ta bilete på garden, men mannen orkar ikkje snakke med oss. Han har besøk av ein kamerat som hjelper han å rydde unna høyballar og andre ting som har vorte dekt av oske på tunet.
Kameraten vil heller ikkje late seg intervjue, men han seier at bonden har det tungt. Og at det er mange i distriktet som har det som han.
Kollektiv depresjon
Etter ein slik tur er det ein stor kontrast å kome tilbake til urbane Reykjavik. Her går dagleglivet tilsynelatande som normalt, og for dei fleste er vulkanutbrotet berre noko dei har sett på fjernsyn.
Men, som ei ung kvinne vi møter seier:
– Island er eit lite land. Sjølv om oska har falle ned langt frå Reykjavik, har dei fleste av oss slektningar som er ramma. Og vi prøver å hjelpe kvarandre, eg trur vi er flinke til det her på Island, seier ho.
Vi har høyrt snakk om at det er ein kollektiv depresjon på Island i kjølvatnet av finanskrisa og no sist vulkanutbrotet i Eyafjällajøkull.
Raseriet mot næringslivsleiarane som køyrde dei islandske bankane til kollaps er sterkt til stades når ein snakkar med folk i Reykjavik. Mange finn det djupt urettferdig at dei skal måtte betale ekstra skatt i 15-20 år for å betale ned gjelda som dei meiner ein del finansfolk og politikarar er ansvarlege for.
Men likevel, folk kan verke deprimerte og sinte, men etter ei stund kjem likevel smilet fram.
Gjerne fylgt av ei frase om at islendingen ikkje gir seg så lett.
Dei ættar ikkje etter dei stolte vikingane for ingenting.
LES: