Hopp til innhold

- Vulkanutbrotet er spennande

13 år gamle Ingveldur Anna Sigurdardottir let seg ikkje skremme av vulkanutbrotet som fekk det til å regne oske over garden deira.

Oske i drikkaret

13 år gamle Ingveldur Anna Sigurdardottir synest det er spennande med vulkanutbrot.

Foto: NRK

Island: Bent Tandstad
Foto: NRK

- Eg synest det er spennande, seier ho.


Mamma Anna Birna Prainsdottir veit ikkje om ho er heilt samd i det. Vulkanutbrotet sist veke gjorde at heile familiegarden Varmeli fekk eit oskelag over seg.

Huset, fjøset og heile området rundt vart dekt av eit tjukt lag med oske. Det 13-åringen synest er spennande, er for mamma litt meir alvorleg.

Ho kan fortelje om uro for framtida, fordi dei ikkje veit noko om kva som blir det neste. Kva retning vil vinden blåse? Kor lenge vil utbrotet halde fram? Vil vulkanen Katla også få utbrot?

Oskegjørma

Mora legg ikkje skjul på at ho er redd, men på den andre sida så har ho ikkje tid til å gå og tenkje på det heile tida.

Til det er det altfor mykje som skal gjerast. Dyra, som på denne tida skulle gå på beite ute på dei flate bøane her ute ved Atlanterhavet, er no stua saman inne i det tronge fjøset.

For dei kan ikkje sleppast ut i oska. På veg frå huset og ned til fjøset må vi gå gjennom oskegjørma, og Anna Birna kan fortelje at all beitemarka deira er dekt av oske.

Oskeramma

Dette er eitt av dei verst oskeramma områda på Island. Alt er dekt av oske frå vulkanen.

- Vi toler ein støyt

På spørsmål om familien har tenkt på å kutte ut gardsdrifta på grunn av det som har skjedd, er ho kategorisk. Det kjem ikkje på tale.

Ho veit at mange har tankar om å gi opp gardsdrifta, det var trass alt ikkje så veldig lønsamt å vere bonde på Island før vulkanutbrotet heller. Men Anna Birna vil ikkje gi seg, sjølv om ho og resten av familien ikkje driv garden på heiltid.

- Vi islendingar er hardføre menneske. Vi toler ein støyt, seier ho og ler.

Deltidsbønder

Familien er deltidsbønder, som så mange andre på sagaøya. Gardshuset blir nytta som ein bustad nummer to, medan familiebustaden ligg i tettstaden Vik i Myrdal.

Kalvane og sauene går til vanleg ute heile døgnet på denne tida av året, og der finn dei den maten dei treng. Men den situasjonen er radikalt endra.

No må dei sjå til dyra fleire gonger kvar dag, og det tek mykje tid å gjere reint etter oskenedfallet. Så i tida framover vil dei måtte bruke meir tid på garden enn dei normalt sett ville ha gjort.

Video Island natt

SE VIDEO: Utbruddet i vulkanen under isbreen, men vulkanen spyr nå ut mindre aske, og askeskyen over Europa kan bli mindre onsdag. Anna Birna Prainsdottir kan fortelje at all beitemarka deira er dekt av oske.

Ekstra fridagar

For 13 år gamle Ingveldur gjorde vulkanutbrotet at det vart nokre ekstra fridagar frå skulen.

Skulebygget i tettstaden Vik i Myrdal vart så nedgrisa av oske at elevane fekk fri dei tre første dagane denne veka, slik at det vart tid til ei skikkeleg reingjering både inne og ute.

Ho har aldri opplevd noko liknande før, og synest det er spennande at journalistar og tv-team frå store delar av verda fartar rundt i distriktet. Ho er flink i engelsk og svarar villig vekk på spørsmåla frå dei nyfikne nyheitsjegarane.

Heller ikkje Anna Birna har opplevd noko liknande før.

- Sist det var utbrot i Eyafjällajøkull var i 1823, og så gammal er eg ikkje, ler ho, og viser at humøret ikkje er langt unna trass i den vanskelege situasjonen vulkanutbrotet har skapt for mange familiar og lokalsamfunn på Island.

Vindu og oske på trappa

OSKESLEPPET: Oska la seg over alt, og det vil ta langt tid å rydde opp etter oskesleppet på sagaøya.

Foto: NRK

SISTE NYTT

Siste nytt