Hopp til innhold

ISAF-soldatar drepne i Afghanistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fire franske soldatar frå ISAF-styrken er drepne og fem er såra i eit åtak aust i Afghanistan, stadfestar franske styresmakter.

Fire franske soldatar er drepne og fem er såra i eit sjølvmordsåtak aust i Afghanistan.

Tilstanden for tre av dei såra er alvorleg, heiter det i ei kunngjering frå kontoret til den franske presidenten laurdag.

Åtaket skjedde laurdag i Kapisa-provinsen, der Frankrike har hatt hovudansvaret for tryggleiken.

Det var militante opprørarar som sto bak, ifølgje ISAF.

Taliban tek skulda

Taliban har teke på seg ansvaret for sjølvmordsåtaket i Nijrab-distriktet i Kapisa, melder Al Jazeera.

Afghanske styresmakter melder at sjølvmordsbombaren kom til fots kledd ut som ei kvinne med ein heildekkjande burka.

Fleire såra

ISAF-styrken ville ikkje bekrefte nasjonalitetane til soldatane, men åtaket var retta mot ei gruppe franske soldatar.

At soldatane var franske blir bekrefta av lokale tenestemenn.

– Sjølvmordsåtaket mot den franske troppen drap seks soldatar og såra fire, seier Sultan Mohammad Safi, leiar av provinsrådet i Nirjab til AFP.

Tre sivile vart også såra i åtaket, sa han.

Valden aukar

Dei siste vekene har valden auka kraftig i Afghanistan.

Den har særleg vore retta mot afghanske styresmakter og tryggingsstyrkar, så vel som dei rundt 130.000 utanlandske soldatane som er i landet.

Frankrike har hatt vanskar i Kapisa-provinsen. Ein del av rutene Taliban brukar til å nå hovudstaden Kabul frå leirane sine ved den pakistanske grensa går gjennom provinsen.

Det går også føre seg kampar mellom opprørarane og narkotikasmuglarar i området.

Frankrike vil trekkje ut sine rundt 3.400 soldatar frå Afghanistan innan utgangen av året, to år før NATO etter planen skal ha trekt seg heilt ut.

SISTE NYTT

Siste nytt