NRK Meny
Normal

Her blir me fleire - og færre

I følgje det amerikanske statistikkbyrået, vil India bli verdas mest folkerike land innan 2025, medan Russland vil få 30 millionar færre innbyggjarar.

India Summer

India kjem til å bli verdas mest folkerike nasjon om 15 år. Her frå billettkøen ved ein indisk togstasjon.

Foto: Ajit Solanki / Ap

Det amerikanske byrået for folkestatistikk, US Census Bureau, har nyleg lagt fram ein rapport om korleis folketalet i verda kjem til å utvikla seg dei neste tiåra.

228 land i verda er analysert i den store analysen, som viser dramatiske demografiske endringar.

India størst

Ikkje overraskande kjem India til å bli verdas mest folkerike land, allereie innan 2025, ifølgje analysen. Kina er i ferd med å kome over toppen på folkeutviklinga, og vil faktisk vere ørlite færre i 2050, ifølgje tidsskriftet Time.

India må derimot førebu seg på ein halv milliard fleire innbyggjarar om 40 år.

Dette har ført til at styresmaktene i India gjennomførar drastiske tiltak for å få bukt med folkeauken. Blant anna kan ein no vinne bilar og andre premier for å gå med på å sterilisera seg.

Kraftig auke i Afrika

Landa som vil ha størst prosentvis folkeauke finn me i Afrika. Nigeria, som no er heimen til 166 millionar menneske, vil auke til heile 402 millionar ifølgje spådomane.

Enno større prosentvis auke er det i Etiopia. Folketalet her vil tredoble seg, frå 91 millionar i dag til heile 278 millionar om 40 år.

Land som Brasil, Bangladesh og Indonesia vil også vekse, men vil ikkje lenger vere blant dei ti mest folkerike landa, grunna den høge fødselsrata i dei afrikanske landa.

Også nedgang

Det er slett ikkje alle stader at i verda at folketalet i auke. Mest dramatisk ser det ut til å bli i Russland og Japan. Der er folketalet spådd å gå ned med fleire titals millionar.

Russland har hatt ein gradvis nedgang sidan 1992, og statistikkbyrået spår at utviklinga vil halde fram, frå eit folketal på 139 millionar i dag til 109 millionar i 2050. Det er låge fødselstal som er hovudårsaka til den sterke nedgangen. Men også gjennomsnittleg levealder har gått ned i Russland.

I Noreg spår SSB at det vil bu 5,8 millionar menneske i 2030, mot 4 920 305 i dag. Me vil passere 5 millionar allereie til neste år.

Sjå oversikta her:

Folketalsutvikling
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt