NRK Meny
Normal

I denne kyrkja er bin Laden djevelen

TIMIŞOARA (NRK.no): I ei ortodoks kyrkje i den rumenske byen Timişoara, er Osama bin Laden framstilt som satan – ridande på eit fly i flammar til helvete.

Den er ikkje lett å få auge på, sankt Dimitri-kyrkja i Timişoara. Gudshuset ligg diskré ved ein marknad, berre eit steinkast frå sigersplassen, der opprøret mot Nicolae Ceausecu byrja i 1989.

Frå kyrkja i Romania

Denne kyrkja i Timişoara i Romania huser veggmåleriet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK
Frå kyrkja i Romania

Detalj frå måleriet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK
Frå kyrkja i Romania

Detalj frå måleriet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK
Frå kyrkja i Romania

Detalj frå måleriet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Opphavleg var kyrkja berre for offiserar og deira familiar, men etter kommunismen kan alle kome og sjå det noko uvanlege kyrkjemåleriet av Osama bin Laden og tvillingtårna.

Men ein må bruke auga, skal ein finne ikonet. For hovudsakleg består veggmåleriet av englar. Men gøymt bak ein aircondition midt på den eine langveggen ser du han, rett under føtene til Jesus og dei tolv læresveinane.

Der rir Osama bin Laden på eit passasjerfly.

– Spegler samtida

Han lener seg framover og har blikket retta mot tvillingtårna. Ikonet til venstre for bin Laden viser dei uhyggelege sekunda rett før det andre passasjerflyet deiser inn i World Trade Center.

Hendinga endra verdshistoria og førte til invasjon av Irak og Afghanistan.

– Slike heilage veggmåleri prøvar alltid å spegle samtida, fortel fader Laurent.

Men han legg til at Osama bin Laden er teikna inn som ein liten del av ei større heilskap.

For ikonet er todelt. Medan bin Laden og tvillingtårna symboliserer helvete er øvre halvdel av ikonet Jesus og læresveinane. Dei symboliserer himmelen.

Saman viser dei to delane kontrasten mellom himmel og helvete.

Men likevel. Folk i Timişoara tykkjer at symbolbruken er noko uvanleg. Fader Laurent fortel at det var vanskeleg å oversjå angrepa mot USA for ti år sidan.

– Kyrkjemålarane dreiv på og laga det heilage veggmåleriet då angrepa skjedde. Inspirerte av hendinga ville dei bruke Osama bin Laden som symbol på det vonde.

– Verda har blitt gal

Den ortodokse presten har også fått med seg angrepa i Noreg, og seier han føler med det norske folk.

– Nokre menneske gjer kva som helst for å få viljen sin. Vi følgde med det som skjedde i Noreg – verda har blitt gal, seier han.

Og hadde det heilage kyrkjeikonet blitt måla i dag, hadde kanskje angrepa i Noreg blitt brukt for å symbolisere det vonde i verda.

Sjå innslaget:

Video b3766a99-da82-4e9d-9960-58f7896906e6.jpg

VIDEO: NRK sin reporter Roger Sevrin Bruland i kyrkja i den rumenske byen Timişoara. Sjå reportasjen frå Kveldsnytt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt