Hopp til innhold

I dag vert Beijinglufta litt meir røykfri

I Beijing innførast det i dag ein ny lov som forbyr folk å røyke innandørs på offentlege stader. Og styresmaktene har planlagd å slå hardt ned på dei som likevel tør å røyke.

CHINA-SMOKING/ Performers dance with an anti-smoking gesture during an event to raise awareness for new smoking regulations in Beijing

Dansarar framfører ein dans ved eit anti-røyke-arrangement ved den nasjonale symjearenaen i Beijing. Det vert no ulovleg å røyke fleire stader i Kinas hovudstad, også nær idrettsarenaer.

Foto: CHINA STRINGER NETWORK / Reuters

CHINA-HEALTH-SMOKING

Informasjonskampanjar er ein del av den nye røykeloven. Her frå ein barneskule i Beijing.

Foto: STR / Afp

1. juni er datoen der Kinas nye anti-røykelov tek til å gjelde. Det er frå no av ulovleg å røyke på kontor, restaurantar, hotell og sjukehus i hovudstaden Beijing. Men også i område nær skular, sjukehus og sportsarenaer vert det ulovleg å ta «frisk luft».

Bøter ved lovbrot

Men ei slik lov kan bli vanskeleg å handheve i landet kor det røykes flest sigarettar i løpet av ein dag. Difor er frykta stor for at loven ikkje skal bli følgd.

Så om du likevel vel å ta eit trekk eller to på ein offentleg stad, så ventar det bot. Som privatperson kan du vente deg bøter på over 200 kroner. Noko som svir ekstra hardt for vanlege kinesiske lommebøker.

Utestader eller andre offentlege institusjonar som bryt forbodet regelmessig kan få bøter på over 12.000 kroner. Særskild nattklubbane vert sette på som potensielle lovbrytarar.

– Nøkkelen ligg hos dei som eig utestadane. Dei har ansvaret for å forsikre at det ikkje vert røyka i deira bedrift, seier Zhang Jianshu, som er leiar for Beijing Tobacco Control Association.

Styresmaktene har også oppretta ein tipstelefon der folk kan ringe inn for å rapportere om brot på lova.

TOBACCO-BLOOMBERG File photo of a coal miner smoking as he takes a bath after finishing his shift at a coal mine on the outskirts of Changzhi

Det har blitt særs vanleg å ta seg ein sigarett i Kina. Her er det ein arbeider i ei kolgruve som tek ein røyk medan han tek seg eit bad etter at skiftet hans er over.

Foto: STRINGER SHANGHAI / Reuters

Bilete av lovbrytarar kan hamne på nettet

Målet med røykeforbodet er å betre helsa til folk flest. Røykpakkane er ofte billige, med ein pris på rundt 10 kroner pakken, og med Beijings dårlege luftkvalitet i tillegg kan det heile få alvorlege følger.

Dette er ikkje Kinas første forsøk på å stramme inn bruken av sigarettar, men tidlegare forsøk har ikkje lukkast med å bli godt implementerte.

I Kina vert miljø- og tryggingslover ofte ikkje godt nok handheva, fordi det er vanskeleg å ha oversikta over eventuelle lovbrot.

Men no skal plakatar, tipstelefonen og kampanjar på sosiale medium gi informasjon til innbyggjarane. Og om du er riktig uheldig kan eit bilete av deg som røyker på ein ulovleg stad hamne på sosiale medium, der styresmaktene har lagt til rette for også den type rapportering.

SISTE NYTT

Siste nytt