Hopp til innhold

– Du er den yngste statsministeren Storbritannia har hatt på 200 år

Den kinesiske presidenten Hu Jintao gav sin britiske kollega ein tvilsam kompliment då David Cameron tok opp menneskerettar i Kina.

Cameron møtte Hu

Den britiske statsministeren David Cameron på besøk hos Kina-president Hu Jintao.

Foto: Stefan Rousseau / Reuters

David Cameron

Cameron var frittalande då han snakka til studentar på Peking University i Beijing.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Den britiske statsministeren retta oppsiktsvekkjande sterk kritikk mot kinesiske styresmakter under sitt Beijing-besøk.

David Cameron sa ifølgje Aftenposten at sjølv om kinesarar no kan oppleve det som om dei har meir fridom enn for nokre tiår sidan, så har dei framleis ein lang veg å gå.

Usamde om menneskerettar

– Det er ingen løyndom at vi er usamde om ein del ting, spesielt innan menneskerettar. Dette er ikkje tema vi tar opp for at vi skal sjå bra ut eller for at vi skal kunne seie offentleg at vi har gjort det. Vi tar dei opp fordi det britiske folk ventar at vi skal gjere det - og fordi vi har oppriktige og djupe bekymringar, fortalde den britiske statsministeren.

David Cameron

Uttalelsane kan føre til meir hovudbry enn David Cameron hadde sett føre seg, spår britiske aviser.

Foto: PARK JI-HWAN / Afp
Hu Jintao

Kina-president Hu Jintao er 67 år og påpeikar overfor kollegaen David Cameron at alder har noko å seie i politikken.

Foto: ROMEO GACAD / Afp

Han la også til at ei fri presse gjorde at folk både fekk betre informasjon og gjorde dei i stand til å ta del i offentleg debatt på ein betre måte.

Irriterer vertskapet?

Avisa The Daily Mail er ei av fleire aviser som meiner Cameron no risikerer å gjere sitt kinesiske vertskap mindre nøgde enn nødvendig.

Dei trur komplimenten frå president Hu Jintao er eit subtilt hint om kinesisk irritasjon.

– Du er den yngste statsministeren Storbritannia har hatt på 200 år, og dei fleste av regjeringsmedlemmene dine er veldig unge, sa Hu.

Han sjølv er 67 år, og komplimenten kan derfor tolkast som det motsette, skriv The Daily Telegraph.

– Opposisjon viktig

Cameron sa også til studentane, som hadde møtte opp for å høyre på han, mellom anna at den økonomiske fridomen må gå i takt med politiske reformar. Han fortalde også om kor viktig det er for han å stille i spørjetimen i det britiske Underhuset kvar veke.

– Slike restriksjonar på regjeringa kan til tider vere frustrerande, men til sjuande og sist gjer dei regjeringa betre og landet sterkare, sa Cameron.

SISTE NYTT

Siste nytt