Til rettssak på valentinsdagen: – Vi vil gifte oss!

Homofile par i Japan går rettens veg på valentinsdagen – vil tvinge Japan til å godkjenne homofilt ekteskap.

JAPAN-GAY-PARADE

VAKTHALD: Politimann passar på under Prideparaden i Tokyo

Foto: TORU YAMANAKA / Afp

Chizuka Oe og Yoko Ogawa har vore kjærastar i 25 år, men dei får ikkje lov til å gifte seg.

Saman med 12 andre homofile par brukar dei valentinsdagen til å saksøke den japanske staten. Dei krev 100.000 kroner i erstatning for diskriminering for kvar av dei 26 saksøkarane.

Yoko Ogawa (L) and Chizuka Oe

Yoko Ogawa og Chizuka Oe har vore kjærastar i 25 år.

Foto: TOSHIFUMI KITAMURA / AFP

Utfordrar grunnlova

– Formelt søker vi erstatning, men det vi ønsker er ei rettsavgjer som slår fast at det er grunnlovsstridig å nekte homofile å gifte seg, fortel dei to til nyhetsbyrået AFP.

Japan er i dag det einaste landet i G7 som ikkje tillèt homofilt ekteskap.

Då Chizuka Oe og Yoko Ogawa nyleg gjekk til lokale styresmakter i Tokyo for å få godkjenning til å gifte seg var svaret nei.

– Vi fekk beskjed om at dei ikkje kunne godkjenne ekteskapet sidan vi begge var kvinner, seier Ogawa.

– Ved sidan av oss stod fleire heterofile par som fekk ja.

«Homofile er ikkje produktive»

I den japanske grunnlova frå 1947 heiter det at «ekteskap berre skal skje etter samtykke frå begge kjønn». Ifølge styresmaktene betyr det at grunnlova ikkje heimlar retten for homofile til å gifte seg.

Japan Same Sex Marriage

Tretten homofile par går rettens veg.

Foto: Chika Ohshima / AP

Dei homofile para og advokatane deira meiner dette er ei feiltolking av grunnlova. At formuleringa ikkje er meint å råke homofile, men å sikre likestilling mellom partane og hindre tvangsekteskap.

– Å nekte homofile å gifte seg bryt med eit anna konstitusjonelt prinsipp, nemleg likskap for lova, seier Akiyoshi Miwa, som representerer fleire av saksøkarane.

Tolerant i gamle dagar

Historisk var det japanske samfunnet relativt tolerant til homofili. Det finst dokumenterte saker med samuraikrigarar som hadde kjærastar av same kjønn. Også i tradisjonell japansk kunst er homofili eit tema.

Debatten om homofilt ekteskap blussa kraftig opp i fjor då ein parlamentarikar frå regjeringspartiet hevda at homofile ikkje var produktive fordi «dei ikkje kan få barn».

Håpar på folkets støtte

Dei homofile para meiner dei har folket med seg. Og viser til ei meiningsmåling gjort i januar der 8 av 10 japanarar i aldersgruppa 20 til 59 år er positive til å godkjenne homofile ekteskap, ifølge AFP.

– Kvifor skal vi nektast eit så grunnleggande val som kven vi ønsker å gifte oss med, spør Chizuka Oe og Yoko Ogawa på valentinsdagen.

SISTE NYTT

Siste nytt