Hopp til innhold

Rumenske homofile: – Blir skulda for å dyrke satan og å vere pedofile

CLUJ-NAPOCA, ROMANIA (NRK): I Romania har organisasjonen «Koalisjonen for familien» samla inn 3 millionar underskrifter, slik at man neste helg skal ha folkerøysting om forbod mot homo-ekteskap. Homofili blir sett på som noko perverst, fortel homofile i landet.

Cristian og Paul

BLIR HETSA PÅ NETT: Både Paul og Cristian får negative kommentarar når dei legg ut ting på Facebook og andre sosiale medium. Men dei forsikrar spøkefullt at dei korkje dyrkar djevelen eller har sex med hundar og barn.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

NRK blir med Cristian Marcu til ein landsby utanfor Romanias tredje største by, Cluj. Han arbeider for kommunen og har fått oppdraget med å sette i stand fleire samfunnshus før folkerøystinga.

Fleire av bygningane har sett sin beste dagar, og manglar både elektrisitet, varme og vatn.

Men sjølv om Cristian er homofil har han ikkje tenkt å sette seg på bakbeina. Han fortel han kunne ha sjukmeldt seg:

– Eg er framleis ein person som gjer jobben sin, til trass for at denne jobben går mot mine beste interesser, fortel han.

Romania Same Sex Marriage

PRIDE: Det blei arrangert ein motdemonstrasjon mot Pride-paraden i Bucuresti i juni. Likevel møtte over 7000 opp i paraden.

Foto: Vadim Ghirda / AP

Hetsa på nettet

Inne i byen møter vi kjærasten til Cristian, Paul Muresan. Han er animatør, og har engasjert seg på sosiale medium mot folkerøystinga.

Han fortel han har fått mange truslar etter at han laga ei satirisk barneteikning, som viser eit foreldrepar og eit barn. Begge foreldra seier: «Vi vil berre elske deg viss du er hetero».

Vil du berre elske meg om eg er hetero?

«VI VIL BERRE ELSKE DEG VISS DU ER HETERO»: Paul Muresan laga ein illustrasjon som etterliknar ei barneteikning. Denne sette sinna i kok.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Ein person skreiv til meg og sa at det var ei pervers teikning. Men er eg verkeleg det største problemet Romania har akkurat no, seier Paul Muresan spørjande.

Paret fortel at dei som opne homofile blir skulda for å dyrke satan og å vere pedofile.

3 millionar underskrifter

Organisasjonen Koalisjon for familien har samla inn 3 millionar underskrifter i det kristen-ortodokse landet, med krav om ei folkerøysting.

Formålet er å presisere i grunnlova at ekteskap er ein institusjon mellom mann og kvinne, ikkje mellom ektefellar, som er formuleringa i dag.

Homoekteskap er ikkje tillate i Romania nå heller. Men den rumensk-ortodokse kyrkja i Bucuresti seier til NRK at ein grunnlovsavgjerd vil hindre framtidige lovendringar. Slik som det er no treng ein berre meir enn 50 % oppslutning i nasjonalforsamlinga.

Ionut Mavrichi

EKTESKAP MELLOM MANN OG KVINNE: Den rumensk ortodokse kyrkja har heile tida vore tydelege på kor dei står i debatten, fortel Ionut Mavrichi, talsmann for Den rumensk-ortodokse kyrkja i Bucuresti.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Ei grunnlovsendring vil verje forståinga av at ekteskap er noko som skjer mellom ein mann og ei kvinne, fortel talsmann Ionut Mavrichi.

Koalisjonen for familien har i debatten rundt folkerøystinga lagt vekt på at dei fryktar at homofile ein gang vil få lov til å adoptere barn. Dei meiner dette vil gje barna psykiske traume, og at dei tradisjonelle kjønnsrollene vil bli viska ut.

– Kristenkonservativ bølgje over Aust-Europa

For NRK var det ei stor utfordring å finne eit homofilt par som ville stille opp framfor kamera.

Leiaren for LGBT-organisasjonen MozaiQ, Robert Ratiu, meiner at homofile ikkje treng frykte fysiske angrep viss dei står fram. Den psykiske belastninga av det å bli dømt av samfunnet og familien sin er eit større problem, fortel han.

Men han prøvar å sjå positivt på folkerøystinga:

– No har vi fått ein frisk debatt om homofili i Romania. Familiar snakkar om dette rundt kjøkkenbordet.

MozaiQ

SUNT MED DEBATT: Robert Ratiu er leiar for LGBT-organisasjonen MozaiQ. Han meiner folkerøystinga har ført til at alle no snakkar om kjønn og homofili i Romania.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Og han ser folkerøystinga som ein større regional trend:

– Det er ein religiøs og nasjonalistisk offensiv på Balkan no, og vi ser liknande politiske grep i nabolanda våre, så det var berre eit spørsmål om tid før det kom hit, seier Ratiu.

– Avleiingsmanøver

I det rumenske politiske landskapet er berre president Klaus Iohannis og partiet USR, Unionen for å berge Romania, mot folkerøystinga.

Vi møter USR-representant Iulian Bulai inne i Folkets palass, verdas andre største administrative bygning. Frå vindauge kan vi sjå ein diger katedral bli reist for skattebetalarane sine pengar.

Iulian Bulai og Roger Sevrin Bruland

TÅKELEGGING: Iulian Bulai gjekk på Statens kunsthøgskule før han vart vald inn i den rumenske nasjonalforsamlinga for USR, Unionen for å berge Romania. Han meiner folkerøystinga er eit forsøk på tåkelegging av større problem.

Foto: Felix Stancu / NRK

Bulai meiner folkerøystinga er eit forsøk på å tåkelegge dei store politiske utfordringane landet står ovanfor.

– Politikarane som støttar dette initiativet har behov for å distrahere folket. Vi har ei dårleg regjering, mykje korrupsjon, veldig lite openheit og mange politikarar som har problem med rettsvesenet, fortel Bulai.

SISTE NYTT

Siste nytt