Hopp til innhold

Homofile i Frankrike kan gifte seg

Nasjonalforsamlinga i Frankrike stemte for lova i dag. Dermed blir Frankrike det 13. landet i verda der likekjønna ekteskap er lovleg.

Homofile ekteskap i Frankrike

To personar av same kjønn kan no gifte seg i Frankrike.

Foto: JOEL SAGET / Afp

Lova vart vedteke i nasjonalforsamlinga med 331 røyster for, og 225 i mot. Dette var ikkje overrraskande, då Senatet røysta ja til lova for to veker sidan.

Det vil også bety at homofile i Frankrike vil kunne adoptere barn på lik linje med heterofile par.

Store demonstrasjonar

Lovendringa har skapt eit voldsomt engasjement i Frankrike. I mars deltok rundt 300.000 franskmenn i ein demonstrasjon mot at homofile og lesbiske skal få gifte seg og adoptere barn.

Forslaget har også fått kraftig motbør av den katolske rørsla i landet. Dei menar ekteskapet skal vere utelukkande mellom mann og kvinne, det same med retten til å få barn.

Pave Benedict XVI uttalte tidligere i år at ekteskap mellom homofile trugar «sjølve framtida til menneska».

FRANCE-POLITICS-GAY-MARRIAGE-MANIF

Politiet måtte stille med skjold då motstandarar av homofile ekteskap demonstrerte i gatene i Frankrike.

Foto: NTB Scanpix / Reuters

Tredje landet i år

Frankrike vil bli ein del av 12 andre land som tillet likekjønna ekteskap: Nederland, Belgia, Spania, Canada, Sør-Afrika, Norge, Sverige, Portugal, Island, Argentina, Uruguay og Danmark og New Zealand. I tillegg er det lovleg i enkelte delstatar av USA, Brasil og Mexico.

Berre i år har Uruguay og New Zealand gjort likekjønna ekteskap lovleg, medan det er på veg til å bli legalisert i Storbritannia.

SISTE NYTT

Siste nytt