NRK Meny
Normal

Hollande: - Frankrike er i krig

– Frankrike er i krig, men det er ikkje ein krig mellom sivilisasjonar. For desse drapsmennene representerer ikkje nokon sivilisasjon, sa Frankrikes president François Hollande i ein tale til begge kammera i det franske parlamentet i Versailles-slottet i dag.

Frankrikes president Francois Hollande.

François Hollande heldt ein sjeldan tale til begge kammera i det franske parlamentet i dag.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Den franske presidenten lovar å slå hardt tilbake mot terrororganisasjonen IS; som har teke på seg skulda for angrepa i Paris sist fredag, og varslar opptrapping av flyangrepa mot IS i Syria.

– Angrepa mot Paris vart planlagde i Syria, førebudde og organiserte i Belgia og gjennomførte på fransk jord med støtte frå franske statsborgarar, sa Hollande blant anna i talen.

Varslar grunnlovsendringar

Hangarskipet "Charles de Gaulle".

Frankrike sender hangarskipet «Charles de Gaulle» til Midtausten.

Foto: Christophe Ena / Ap

Det er sjeldan at presidenten kallar inn begge kammera i nasjonalforsamlinga til eit felles møte. Sist det skjedde var i 2009, då dåverande president Nicolas Sarkozy ville diskutere finanskrisa, som då var på sitt verste. Også dette møtet fann stad i Versailles.

Hollande bad i dag medlemene i parlamentet om å gå med på grunnlovsendringar som skal gjere det lettare å handtere unnakstilstaden som er innført i landet . Eitt av tiltaka han ber om støtte til, er å kunne kaste ut utlendingar som blir vurderte som ein særleg tryggingsrisiko.

Han vil også gjere det mogleg å nekte personar med dobbelt statsborgarskap innreise til Frankrike. Hollande varsla også at tryggingstiltaka som no blir innførte i landet, vil føre til at utgiftene vil stige meir enn det EU-reglane tillèt.

To av sju arresterte terrorsikta i Belgia

Muslimsk leder: Vi taper kampen mot ekstremistene

– Må vere nådelause

– Tryggleik er viktigare enn budsjettreglane til EU, sa Hollande blant anna. Han åtvara også om at trusselen frå IS ikkje ville forsvinne med det første. Han gjorde det klart at Frankrike må vere nådelause, sjølv om det vil gjere vondt.

– Det er fælt å seie det, men franskmenn har drepe franskmenn. Det er folk som har gått frå å vere ungdomskriminelle til å bli bandittar, for så å gå vidare til å bli jihadistar, ytra presidenten.

Alle land som deltar i luftangrepene mot Syria, trues i en ny video fra IS.

VIDEO: IS med nye truslar mot Vesten

Evakuering etter terrorangrep i Paris

Paris er sterkt prega av terrorangrepa mot byen sist fredag.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Hollande bad også om meir pengar til tryggingsstyrkane, og han viste til at trusselen frå IS ikkje vil vere over med det første. Han vil opprette 5000 nye politistillingar dei to neste åra

– Demokratiet vårt har sigra mot fiendar som har vore langt større enn desse feigingane, sa han i talen, med klar adresse til Den islamske staten.

Sender «Charles de Gaulle»

François Hollande takka også dei franske flygarane som deltok i angrepa mot IS-mål i Raqqa i Syria i går, og han varsla at hangarskipet «Charles de Gaulle» blir sendt til Midtausten i løpet av kort tid.

Han gjorde det også klart at Frankrike skal samarbeide tett med Russland og USA om angrepa på IS i Syria, og at han skal snakke med Barack Obama og Vladimir Putin om dette i løpet av kort tid.

– Terrorismen skal ikkje få knuse Frankrike. Vi skal utrydde terrorismen, sa Holland til slutt i talen sin til dei to kammera i parlamentet.

Tilbyr livskrisehjelp til personer som var i nærheten av terrorangrepene

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt