Dei andre fem er sette fri, blant dei Mohamed Abdesalam, broren til ein av terroristane som deltok i massakren i Paris fredagskvelden. Ein annan bror, Salah Abdesalam, var
Politiet i Brussel gjekk til aksjon mot fleire hus i Molenbeek i føremiddag på jakt etter Salah Abdesalam, utan resultat. Ein radiostasjon melde tidlegare i dag at han vart arrestert i aksjonen, men dette vart seinare avvist av politiet.
Skyting og eksplosjonar
Få timar etter angrepa i Paris kom han seg gjennom grensekontrollen mellom Frankrike og Belgia.
Væpna spesialpoliti deltok i aksjonen i
i dag. Fleire bustadhus vart omringa, og folk i området høyrde skyting og eksplosjonar.Fire av dei åtte politiet meiner stod bak terroren i Paris fredag skal vere franske statsborgarar. To av terroristane var busette i Belgia, men det er uklart om dei var belgiske statsborgarar.
Også mannen politiet trur var hjernen bak angrepa, Abdelhamid Abaaoud, er knytt til bydelen Molenbeek. 27-åringen er belgisk statsborgar med marokkansk opphav. Reuters melder at han oppheld seg i Syria, der han har slutta seg til terrororganisasjonen IS.
– Link til Tyrkia
Franske og belgiske politistyrkar har i løpet av dagen gjennomført fleire titals aksjonar mot ulike adresser i fleire byar i dei to landa. Under ein aksjon i Frankrikes nest største by Lyon, tok politiet beslag i store mengder våpen og sprengstoff.
Over 100 personar er sette i husarrest, medan 23 er arresterte, opplyser Frankrikes innanriksminister Bernard Cazeneuve.
Ein tyrkisk tenestemann opplyser til nyheitsbyrået AP at fem arresterte terrormistenkte i Tyrkia tidlegare har kommunisert med gjerningsmennene i Paris. Tyrkiske kjelder har tidlegare opplyst til nyheitsbyrået at fem personar vart arresterte i Istanbul fredag.
Ifølgje kjeldene planla dei eit stort terrorangrep i den tyrkiske storbyen fredag, same dag som terroren ramma Paris.
Jihadi John
Ein av dei arresterte skal vere ein IS-medlem med kontaktar til britiske Mohammed Emwazi, mest kjend som Jihadi John. Han kan ha vorte drepen i eit amerikansk droneangrep før helga, men det er vanskeleg å få dette stadfesta av uavhengige kjelder.
Frankrikes president François Hollande sa i ein tale til begge kammera i det franske parlamentet i dag, at terrorangrepa fredag vart planlagde i Syria og gjennomførte frå Belgia med fransk hjelp.
Dei to kammera i det franske parlamentet vart innkalla til eit felles møte i slottet Versailles utanfor Paris i dag, og det er sjeldan at presidenten nyttar høvet grunnlova gir han til å gjere dette.
Sist det skjedde var då dåverande president Nicolas Sarkozy samla begge kammera for å orientere om finanskrisa i 2009.