Laurdag gav Taliban alle ikkje-statlege organisasjonar ordre om ikkje å la kvinneleg tilsette komme på jobb.
Søndag seier hjelpeorganisasjonane Redd Barna, Flyktninghjelpen og Care at avgjerda frå Taliban-regimet hindrar dei i å nå born, kvinner og menn i desperat naud i Afghanistan, og at dei derfor ser seg nøydde til å innstille arbeidet sitt i landet inntil vidare.
Generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland i Kabul i 2019.
Foto: Becky Bakr Abdulla / Flyktninghjelpen– Vi frys alle operasjonane våre, og går i gang med å forhandle med Taliban om å få lik rett for kvinner og menn til å arbeide igjen. Så vi trekkjer oss ikkje ut av landet, seier generalsekretær Flyktninghjelpen, Jan Egeland til NRK.
– Avhengig av kvinnene
Han opplyser at organisasjonen har 470 kvinner tilsette i landet.
– Vi er heilt avhengig av desse kvinnene for å nå ut med hjelp til kvinner og born, seier Egeland.
I ei felles fråsegn krev dei tre organisasjonane at både menn og kvinner kan halde fram med livreddande bistand på lik linje.
– Afghanistan er i ei djup og akutt krise. Mange millionar er på kanten til hungersnaud. Mange millionar frys. Det er verkeleg elendige forhold der no, seier Egeland.
No kan kvinner verken studere på universitetet eller jobbe som bistandsarbeidarar i Afghanistan.
Foto: Ebrahim Noroozi / AP– Kler seg i strid med reglane
Avgjerda frå Taliban gjeld både utanlandske og afghanske organisasjonar, ifølgje eit offisielt brev frå næringsdepartementet i landet.
Ein talsmann for departementet seier at kvinner inntil vidare ikkje får lov til å jobbe fordi enkelte av dei har kledd seg i strid med Taliban si tolking av klesreglementet for kvinner.
Kvinner utestengde frå universiteta
For nokre dagar sidan blei det kjent at utdanningsdepartementet i Afghanistan hadde bestemt å stengje kvinner ute frå universiteta i landet inntil vidare.
I eit brev blir offentlege og private universitet instruerte til å suspendere tilgangen til kvinnelege studentar.
Dette dokumentet frå Taliban, publisert på Twitter av Human Rights Watch, viser ordren om at kvinner ikkje lenger skal få undervisning ved afghanske universitet.
Foto: Taliban/HRWBrevet var underteikna Neda Mohammad Nadeem, som er utdanningsminister.
Etter at Taliban tok over makta i landet i fjor sommar, har dei også gjort det vanskelegare for jenter til å gå på ungdoms- og vidaregåande skule. Nå får dei berre gå på skulen til dei er ferdig i sjette klasse.