Hopp til innhold

Her ligg 12 år gamle Yazan utmagra på sjukehus i Gaza

Befolkninga på Gazastripa svelt. Yazan al-Kafarna hadde cerebral parese og mangla medisinar og mat. Han døydde måndag.

Yazan al-Kafarna ligg i ei sjukehusseng i Rafah på Gazastripa.

UTMAGRA: Yazan al-Kafarna døydde i Rafah by måndag.

Foto: AFP

På ei sjukehusseng i Rafah ligg den vesle barnekroppen. Svak og utmagra.

Den 12 år gamle guten heiter Yazan al-Kafarna. Krigen i Gaza tok frå han alt.

Ei bekymra mor sit på sengekanten. Guten kan nesten ikkje røre seg lenger.

Ho fortel korleis han heile livet har levd med cerebral parese, og at han var avhengig av spesiell mat og medisinar.

I humanitære katastrofar, som den i Gaza, blir menneske med vedvarande helseutfordringar ofte råka først, fortel lege og professor i medisin, Erik Fosse.

Bildet viser korleis Yazan såg ut før krigen.

Bildet viser korleis Yazan såg ut før krigen.

Foto: Twitter/skjermbilde frå farens telefon

– Helsa til Yazan var god før krigen. Han åt og drakk. Leika og flira, seier mora i eit TV-intervju med Reuters.

Den siste tida levde 12-åringen på brødrestar. Om familien ikkje fann mat, levde han på sukker.

Mora til Yazan al-Kafarna held sonen i handa på eit sjukehus i Rafah på Gazastripa.

Mora til Yazan al-Kafarna held sonen i handa på eit sjukehus i Rafah på Gazastripa.

Foto: Yasser Qudih / Reuters

– Hovudårsaka til at han berre ser ut som bein, er mangel på næring, seier slektningen Mohammed al-Kafarna.

Fosse fortel at Yazan utan tvil døydde underernært og dehydrert. Han seier også at på grunn av cerebral parese hadde han lite musklar og ser spesielt mager ut.

For å skaffe sonen hjelp, reiste familien frå den nordlegaste byen i Gaza, til den sørlegaste.

Mora til Yazan fortel at dei kjem frå Beit Hanoun, nord i Gaza.

Fluktruta gjekk først til flyktningleiren Jabalia.

Vidare flykta dei til Al-Nuseirat -

- så til Deir Al-Balah.

Til slutt nådde dei Rafah.

Han kom ikkje lenger enn til sjukehussenga inne på al-Najjar sjukehus i Rafah. Her ventar sivile på å få komme seg over grensa.

Med mora og faren ved senga, døydde Yazan måndag. Obduksjonsrapporten til Yazan er ikkje tilgjengeleg.

– Om dette held fram, vil også dei friske barna ende opp som han, seier Fosse.

Ein menneskeskapt svoltkatastrofe

Nyleg kom FNs leiande ekspert på retten til mat, Michael Fakhri, med ei av dei sterkaste skuldingane mot Israel til no. Han slo fast at «Israel har med vilje svolte det palestinske folket i Gaza sida 8. oktober».

The Guardian har bedt Israel svare på utsegna til Fakhri, men det har dei ikkje gjort.

Israel er i krig mot den militante gruppa Hamas, etter terroråtaket 7. oktober der litt under 1200 menneske blei drepne.

2,2 millionar menneske i Gaza er no kategorisert som i matkrise eller verre, ifølgje FN-organisasjonen på Gaza.

– No rettar det seg mot sivile som søker humanitær hjelp og humanitære konvoiar, sa Fakhri til The Guardian.

Eitt av seks barn i Nord-Gaza under to år er råka av akutt underernæring, ifølgje FN sitt naudhjelpskontor OCHA.

– No når born byrjar å døy av svolt, burde alarmen gå. Om ikkje no, når er tida inne for å stoppe opp, spør Jens Lærke, talsperson frå FNs naudhjelpskontor (OCHA).

Minst 15 born har døydd av underernæring og dehydrering på eitt av sjukehusa på Gaza, opplyser helsestyresmaktene på Gaza.

Riyad H. Mansour med ei bøn i FN.

Riyad H. Mansour med ei bøn i FN.

Ifølgje Global Nutrition Cluster, leia av UNICEF, er 90 prosent av born i alderen 6–23 månadar, gravide, og ammande kvinner i Gaza råka av alvorleg matmangel.

– Det ansiktet er teikn på noko som ikkje har fått mat

FN har lenge åtvara mot hungersnaud i Gaza. WHO-sjefen Tedros Adhanom Ghebreyesus opplyste måndag at dei hadde inspisert to sjukehus på Gazastripa, al-Awda, og Kamal Adwan.

Også andre uavhengige bistandsarbeidarar har gjort det same.

WHO såg alvorlege tilfelle med underernæring, born som døyr av underernæring og mangel på medisinsk utstyr.

– Born som har overlevd bombene, overlever kanskje ikkje ein hungersnaud, skriv Ghebreyesus på X.

Erik Fosse

Erik Fosse fekk sjå bilda av Yazan då han var i live og etter han var død.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Erik Fosse, ein av NORWAC-legane, arbeida nyleg på det europeiske sjukehuset i Khan Younis, sør på Gazastripa.

Han har sett bilda av Yazan både i live og etter han var død.

– Det ansiktet der. Det er eit teikn på nokon som ikkje har fått nok mat.

Han fortel at fleire vaksne i Gaza har byrja å få slike trekk. Han sjølv gjekk ned sju kilo då han var der nede. Han peiker likevel på at born er særskilt sårbare.

– Ingen born i Gaza får nok mat eller drikke no.

Underernærte born i Rafah på Gazastripa.

Underernærte born på sjukehus i Rafah på Gazastripa.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Han understrekar at grunnen til at guten sin kropp ser spesielt utmagra ut, er mykje på grunn av cerebral parese.

– Han har nok hatt spesielt lite musklar. Eg trur ikkje han har brukt armane eller beina i noko særleg grad. Difor ser dette så dramatisk ut.

Les også Norsk legeteam har kommet inn i Gaza

Norsk legeteam i Gaza

Minimalt med naudhjelp

Det er stor mangel på naudhjelp på Gaza. FN har lenge skulda Israel for å stanse naudhjelp frå å nå fram til menneska i Gaza.

FNs data viser at mengda naudhjelp, inkludert drivstoff, livsviktig medisin og mat, har stupt sidan 7. oktober.

Før 7.oktober blei det i gjennomsnitt 500 lastebillass frakta inn kvar dag. Mange av dei var drivstoff.

Grafen viser talet på lastebillass som har sloppe inn i Gaza frå 7.oktober til 29.februar.

Den raude linja viser kor mange lastebillass som blei sloppe kvar veke i gjennomsnitt før krigen.

Dei siste vekene har presset mot Israel auka, særleg etter at FN-domstolen opna folkemordsak mot landet.

Mengda naudhjelp har auka den siste tida.

Mangel på drivstoff har også ført til at fleire av sjukehusa har redusert, eller har stoppa drifta.

Palestinske barn venter på å få mat tilberedt av et veldedighetskjøkken midt i mangel på matforsyninger.

Palestinske barn ventar på å få mat laga av et velgjerdskjøkken midt i mangel på matforsyningar.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Ifølgje FN sitt naudhjelpskontor OCHA er berre 22,5 prosent av dei primære helsefasilitetane funksjonelle på Gazastripa.

Stoppar naudhjelp

Då krigen starta, var Israel tydelege på at dei stoppa mat og drikke frå å komme inn i Gaza.

Slike utsegn har dei seinare moderert.

– Krigen vår er mot Hamas, og ikkje befolkninga i Gaza, sa Daniel Hagari, talsperson for det israelske militære nyleg.

Satelittbilde viser nødhjelp som slippes inn gjennom grenseovergangen Rafah.

Satellittbilde viser nødhjelp som sleppast inn gjennom grenseovergangen Rafah i februar.

Foto: Maxar Technologies / AP

Den israelske hæren (IDF) hevdar at dei har sloppe inn rundt 14.000 lastebillass med forsyningar sidan 7. oktober.

Israels viktigaste alliert USA har auka presset for å få meir naudhjelp til Gaza. På tysdag møtte USAs visepresident Kamela Harris den israelske ministeren Benny Gantz, der dei diskuterte behovet for naudhjelp i Gaza.

NRK har vore i kontakt med IDF og spurt dei om kva dei gjer for å sikre naudhjelp til befolkninga i Gaza, og stilt spørsmål om situasjonen til Yazan.

Dei seier han «døydde av sjukdommen».

PRESISERING:

I ei tidlegare utgåve av denne saka omtalte NRK cerebral parese (CP) som ein sjukdom, men CP er ei utviklingsforstyrring. Me har difor endra dette og har oppdatert artikkelen med ei ordforklaring på cerebral parese øvst i saka.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.