Høge temperaturar og tørke har lagt til rette for skogbrannar i land på begge sider av Middelhavet.
Fredag kom nyheita om at dei mykje omtalte brannane i Hellas ikkje lengre spreier seg. Reiseselskapet Tui har også starta med å sende norske turistar til blant anna Rodos igjen.
Men det brenn framleis i Hellas, Spania, Italia, Algerie, Tyrkia, Kroatia og Portugal.
I Palermo på Sicilia måtte flyplassen stenge tysdag då flammane kom for nære. Den sicilianske presidenten Renato Schifani sa at steikande hete og øydeleggande brannar hadde gjort tysdag til ein av de vanskelegaste dagane på fleire tiår.






Slik har brannene spreidd seg på den italienske øya Sicilia den siste veka.
Kilde: EFFIS - CopernicusTre personar er stadfesta døde på Sicilia. Blant dei ei eldre kvinne og ein mann som blei funne i ein nedbrent bustad utanfor Palermo.
Ein orkan i sør har ført til brann i opne område utanfor Dubrovnik i Kroatia. Det opplyste det kroatiske brannvesen om onsdag. Brannane var berre kilometer utanfor gamlebyen i Dubrovnik.
Ein mann med ein vasslange i Grebastica, Kroatia tidlegare denne månaden. Evakueringsordre blei gitt i fleire område då ein skogbrann feia gjennom kystområda i landet.
Foto: Mate Gojanovic / API det sørlege Tyrkia er over 20 fly sett ut for å sløkke skogbrannar rundt turiststaden Kemer. Folk har blitt evakuert frå eit sjukehus i regionen på grunn av brannane.
På andre sida av Middelhavet i Algerie har over 30 menneske mista livet i skogbrannar som herjar i seks regionar.
Amar Belkati, ein 57 år gammal bonde, står saman med kona Souhila og barna i det som var huset deira i Bejaia i Algerie.
Ein skogvaktar jobbar med å sløkkje flammane i eit område som er ramma av ein skogbrann i Adekar i Bejaia-provinsen i Algerie 25. juli 2023.
Brannane og dei sterke vindane har også ført til to grensestengingar mot nabolandet Tunisia. 8000 brannmannskap sett ut i Algerie for å få kontroll på brannane.
– Brannane vi ser no er ein del av ansiktet til klimaendringar, fortel klimaforskar Bjørn Hallvard Samset frå Cicero.
Du kan sjå oversikta over pågåande skogbrannar på EUs skogbrannoversikt.
Brann på Kanariøyene
På dei spanske Kanariøyene har fleire hundre menneske har blitt evakuerte frå heimane sine. Skogbrannane skal vere avgrensa til den sentrale delen av øya Gran Canaria.
Ein person ser på ein skogbrann i Pico de las Nieves, på kanariøya Gran Canaria, i Spania. Biletet er tatt 25. juli.
Foto: BORJA SUAREZ / ReutersDet har også vore brannar på øya La Palma, der 4000 menneske er evakuerte.
Spania har hatt lengre periodar med tørke. Dei første fire månadane i 2023 var dei tørraste som nokon gong har blitt dokumenterte i landet.
Kjempar mot flammane i Portugal
Med hjelp frå lokalbefolkninga forsøkte hundrevis av portugisiske brannmenn å sløkke flammane i ein nasjonalpark i nærleiken av den populære feriedestinasjonen Cascais, vest for hovudstaden Lisboa.
Ei eldre kvinne må forlate huset sitt på grunn av skogbrannar i Cascais, Portugal.
Ein mann ber ein vassslange under skogbrannane i Cascais, Portugal.
Sterk vind har gjort det vanskeleg å få bukt med flammane.
– Frykta er at brannane skal nå husa våre, fortel 34 år gamle Ines Figueiredo til Reuters.
– Vi prøver å hjelpe så mykje vi kan. Vi har bøtter med vann, men det hjelper ikkje så mykje, legg ho til.
Dei ekstreme temperaturane som har herja i delar av Nord-Amerika, Europa og Asia denne månaden ville vore praktisk talt umogleg utan menneskeskapte klimaendringar, viser ein ny studie frå forskarar ved World Weather Attribution.
Skogbrannar er ikkje noko nytt, men klimaendringar har gjort risikoen for skogbrannar mykje høgare.
Oversiktsbilde viser brannar rundt Middelhavet dei siste 30 dagane. Dei blå prikkane viser brannar dei siste 30 dagane, dei oransje viser brannar den siste veka, og dei raude viser kor det brenn no.
Faksimile: EUS SKOGBRANNOBERSIKT / EFFIS - COPERNICUS– Føresetnadane for ein brann er at det er veldig tørt og veldig varmt lenge, då fordampar all fukt frå bakken, fortel Bjørn Hallvard Samset i Cicero.
– Det er summen av alle rekordane som verkeleg er ansiktet til klimaendringane. Det er det vi merkar no i slike spesifikke ting som desse brannane, avsluttar han.






Slik har brannane spredt seg på Korfu.
Kilde: Planet Labs PBC





Satellittbilde viser korleis skogbrannen på Rodos åt opp stadig meir terreng førre veke.
Kilde: Planet Labs PBC