Bergen legevakt blir granska etter at 14-åring døydde
Statsforvaltaren i Vestland opnar tilsynssak, etter at ei 14 år gamal jente døydde på sjukehus.
– Vi reknar med at vi vil få eit brev frå Statsforvalteren, og at vi mest truleg må uttale oss der, seier legevaktsjef Anne Karoline Tyssøy Pedersen til NRK.
Ho seier vidare at ho ikkje kjem til å uttale seg i saka før ho får ei formell hendvendig frå Statsforvaltaren.
– Det er ei trist sak, og vi føler med foreldra, men utover dette ønsker eg ikkje å kommentere saka noko meir.
Legevaktsjefen uttalte seg først til BT.
Tidlegare har fylkeslegen stadfesta til NRK at det den 16. oktober vart oppretta ei tilsynssak, etter at ei 14 år gamal jente døydde på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
Barne- og ungdomsklinikken på sjukehuset varsla Statens helsetilsyn om dødsfallet 1. oktober.