NRK Meny
Normal

Hemner pilotdrap ved å avrette IS-kvinne

Jordan svarer med same mynt. No vil dei hemne drapet på den jordanske jagarpiloten som i dag vart drepen av IS, ved å avrette IS-medlemmet Sajida al-Rishawi i morgon.

MIDEAST-CRISIS/JAPAN-VIDEO File photo of Iraqi Rishawi inside a military court at Juwaida prison in Amman

Sajida al-Riswani er dømd til døden i Jordan etter å ha delteke i eit terrorangrep i landet i 2005. I morgon skal ho bli avretta, seier jordanske styresmakter, som vil hemne IS sitt drap på jagarflypiloten Muath al-Kasaesbeh.

Foto: MAJED JABER / Reuters

MIDEAST-CRISIS/JORDAN-DILEMMA The wife of Islamic State captive Kasaesbeh holds a picture of him as she joins students during a rally calling for his release, in Amman

Kona til den jordanske piloten Muath al-Kasaesbeh kjempa lenge for å få sett mannen fri. I dag fekk ho beskjed frå jordanske styresmakter at han er drepen av IS.

Foto: MUHAMMAD HAMED / Reuters

Jordanske styresmakter stadfesta i dag at den jordanske piloten Muath al-Kasaesbeh er drepen av Den islamske stat (IS). Ein video som er lagt ut på nettet av IS viser at al-Kasaesbeh døde då han vart sett fyr på medan han var stengt inne i eit metallbur.

Hadde nesten blitt einige

No skal Jordan hemne seg på IS ved å avrette Sajida al-Rishawi, ei kvinne med tette band til IS som allereie er dømd til døden i Jordan.

Ho vart i 2005 arrestert av jordansk politi i samband med ein trippel terroraksjon mot hotell i Amman, der 60 menneske miste livet.

Sjølv om ho alt er dømd til døden, så har jordanske styresmakter sagt at dei ville setje henne fri dersom Kassabeh vart utlevert, noko som altså ikkje skjedde.

Men det var lenge nære på, for etter fleire veker med forhandlingar mellom IS og Jordan så skal partane ha vore einige om å utveksle dei to fangane. Men sidan Jordan aldri fekk bevis på at al-Kasaesbeh levde, slik dei kravde, så vart aldri avtalen gjennomført.

Starta opp att avrettingspraksis før jul

I dag hevdar statleg jordansk TV at al-Kasaesbeh vart drepen for ein månad sidan, og i så tilfelle kan det vere ei forklaring på kvifor Jordan aldri fekk bevisa dei ville ha.

Jordan gjennomførte også fleire avrettingar rett før jul, då elleve drapsdømde menn vart teken liva av. Då var det heile åtte år sidan forrige gong Jordan hadde gjennomført avrettingar.

Landet vart då kritisert av fleire menneskrettsorganisasjonar for at dei tok opp att praksisen med avrettingar. I morgon ser det altså ut som at dei vil halde fram denne praksisen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt