Hopp til innhold

Harde kampar i Nord-Afghanistan

Norske styrkar i Afghanistan gjennomfører no dei hardaste kampene sidan dei kom til landet.

Nordmenn i kamp i Afghanistan
Foto: NRK

No seier leiaren i forsvarskomiteen, at regjeringa må opna for at dei norske styrkane må kunna brukast over heile landet.

Statssekretær Espen Barth Eide.
Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

Statssekretær Espen Barth Eide meiner at det vert meiningslaust å skilja mellom å senda norske styrkar til nord eller sør.

 – Det er ein ISAF-operasjon. Han har eitt felles mandat og han har eitt operasjonskonsept. Det er ikkje nokon prinsipiell skilnad på sør og nord og aust og vest i Afghanistan, seier Eide.

SV vil ikkje ha soldatar i sør

Tidlegare i år slo SV-leiaren fast at skilnaden mellom oppdrag i Nord og Sør-afghanistan er avgjerande for partiet.

Den gongen sa Kristin Halvorsen:

– SV sit i regjering. Me går ikkje inn for at det vert sendt spesialstyrkar til Sør-Afghanistan.

SV har sagt nei til ein krigsoffensiv dei meiner er ei forlenging av antiterrorist-operasjonane til USA, enduring freedom. Men no jaktar også den internasjonale ISAF-styrken i Nord på Taliban.

Eg vil tilrå regjeringa å seia at «framover vil me leggja avgjerande vekt på kvar NATO ynskjer at styrkane våre skal vera», og så plassera dei der.

Jan Petersen, Høgre. / NRK

Tøffare i nord

 - Me ser at tryggleiksutfordringane også i nord byrjar å verta ganske krevjande, seier Espen Barth Eide.

I kampane er fleire afghanarar drepne. Dei kan ha vortne drepne av nokre av dei seksti norske soldatane i operasjonen.

Vil akua innsatsen

Jan Petersen
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

I dag kjem regjeringa med eit framlegg til den utvida utanrikskomiteen i Stortinget. Der gjer dei framlegg om å auka den norske innsatsen i Nord-Afghanistan.

Jan Petersen frå Høgre meiner regjeringa bør slutta å setja geografiske grenser for kvar i landet nordmenn kan operera.

- Eg vil tilrå regjeringa å seia at «framover vil me leggja avgjerande vekt på kvar NATO ynskjer at styrkane våre skal vera» og så plassera dei der, seier Petersen.

Usamd med Høgre

Bjørn Jakobsen frå SV er usamd med Petersen og meiner det framleis er skilnad på oppdrag i nord og sør.

- Slik eg kjenner arbeidet til styrkane våre i Nord-Afghanistan. Her hjelper me afghanske styremakter med å oppretthalda det me kallar lov og orden i denne provinsen.

Han vil ikkje gå med på at nordstyrken også jaktar på Taliban og på opprørarar.

- Fyrst og fremst er dette å oppretthalda lov og orden i denne provinsen, og det hjelper norske styrkar det afghanske politiet og det afghanske militæret med, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt