Hopp til innhold

– Har redda 600 kvinner og born frå sexslaveri hos IS

ROTTWEIL, TYSKLAND (NRK): Nadia Murad sin fredspris vil føre til at heile verda får vite kva jesidi-minoriteten i Irak har vore utsett for. Det er fantastisk, seier Abu Shujaa, som har redda 600 kvinner og born frå sexslaveri. Nadia Murad var ei av dei han hjelpte.

Jesidi-kvinner redda av Abu Shujaa

Abu Shujaa saman med dei første jesidi-kvinnene han redda frå IS.

Foto: Privat

NRK møter Abu Shujaa i byen Rottweil sørvest iTyskland, der han bur saman med familien. Dei to mobiltelefonane hans er konstant i bruk. Han er opptatt av ein ting: å hjelpe dei som framleis er i fangenskap hos IS.

– Katastrofen som ramma oss var så stor at eg tenkjer på det dag og natt. Eg tenkjer på at borna og kvinnene våre er i fangenskap hos IS, det er sjokkerande å tenkje på, seier han.

Abu Shujaa tilhøyrer den etniske og religiøse jesidi-minoriteten. Han var forretningsmann og budde i Sinjar i Nord-Irak. I løpet av mange år i næringslivet bygde han opp eit stort nettverk av gode kontaktar.

Jezidie-følge på grensen mellom Syria og Irak

Jesidiar på flukt 13. august 2014.

Foto: AHMAD AL-RUBAYE / Afp

– Barbarisk angrep

Tidlegare var Sinjar eit fredeleg område. Men alt forandra seg då terrorgruppa Den islamske staten (IS) kom til Sinjar. I august 2014 gjekk IS til angrep på fleire landsbyar i området.

Folk blei drepne og utsette for brutale overgrep. Andre blei bortførte. Unge kvinner blei haldne som sex-slavar og trua med drap dersom dei ikkje konverterte til islam. Titusenvis av menneske søkte tilflukt på Sinjar-fjellet, der dei levde i leirar under ekstreme forhold.

– Det var eit barbarisk angrep mot oss. Vi er eit fredeleg folk, men situasjonen blei heilt katastrofal, seier Abu Shujaa.

Det store nettverket hans kom til nytte då han engasjerte seg i arbeidet for å redde kvinner som var i fangenskap hos IS.

– Måtte berre gjere noko

– Dei bortførte jo tusenvis av kvinner og born. Eg måtte berre gjere noko. Eg tok kontakt med venner og andre i nettverket mitt og sette meg føre å prøve å frigjere kvinner som var tatt til fange. Eg etablerte ei gruppe på fem personar. Vi brukte mange og kreative metodar for å få jentene fri. Blant anna overvaka vi hus der det sat jenter fanga, og fekk henta dei ut mens IS-soldatane var opptatt i kamp, fortel han.

– Kor mange har du redda?

– Fram til no har eg redda rundt 600 kvinner og born gjennom nettverket mitt, seier Abu Shujaa. Eg samarbeider med ulike grupper som har ulike oppgåver. Nokre leitar etter dei bortførte, andre frigjer dei.

Abu Shujaa og jesidi-kvinne

Abu Shujaa saman med ei av rundt 600 jesidi-kvinner han seier han har redda frå fangenskap hos IS.

Foto: Privat

19 drepne etter redningsaksjonar

– Dette må vere svært farefulle operasjonar?`

– Ja, sidan 2014 har vi mista 19 menneske. Dei er alle tatt av IS. Nokre av dei fekk hovudet kappa av. Andre blei drepne og brende.

Ein av dei mange som han har hjelpt, er fredsprisvinnar Nadia Murad. Ho blei kidnappa av IS i august 2014, og klarte å rømme tre månader seinare, etter å ha blitt seksuelt misbrukt. Ho blei trua med drap dersom ho ikkje konverterte.

– Nadia greidde sjølv å komme fri då ho rømde til eit framandt hus. Foreldra hennar ringde meg, og lurte på korleis vi skulle få henne trygt ut av huset. Eg hjelpte til med å få henne frakta til ein sikker stad i Kirkuk, fortel Abu Shujaa.

Etter at Nadia Murad blei fri, har ho reist verda rundt for å setje søkjelys på bruk av valdtekt som våpen i krig. Ho har skrive bok om det ho opplevde som sex-slave hos IS, og sidan 2016 har ho vore FNs første goodwill-ambassadør for overlevande etter menneskehandel.

No er ho altså tildelt Nobels fredspris.

Menneskerettighetsadvokat Amal Clooney og Nadia Murad på FN-møte

Nadia Murad (t.v.) er blitt eit sterkt symbol for kvinner som har overlevd massevaldtekter i krig. Ho har vore nominert til fredsprisen i fleire år. Saman med advokaten Amal Clooney arbeider ho for å få stilt IS for Den internasjonale domstolen i Haag, dømd for krigsbrotsverk.

Foto: Bebeto Matthews / AP

– No får verda vite kva vi er blitt utsette for

For Abu Shujaa blei fredagen ein heilt spesiell dag.

– Det var verkeleg ei gledeleg nyheit. Ho representerer stemma til dei som er bortførte og dei som er redda. Det viktigaste av alt er at verda får vite kva som har skjedd med jesidi-minoriteten i Irak. Det får dei no, seier han.

Frå basen her i Tyskland arbeider han for fullt med å redde kvinner som framleis er i fangenskap hos IS.

Abu Shujaa

Abu Shujaa er blitt redningsmann for fleire hundre jesidiar.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Vanskelegare no

– Vi har grupper som er aktive, men situasjonen er vanskelegare no. Dei bortførte kvinnene oppheld seg i område der det er dårleg kommunikasjon. Dei greier ikkje å komme i kontakt med oss. Men vi leitar etter dei og dersom vi finn dei, får vi dei ut.

Abu Shujaa stussar over at overgrepa mot jesidiane har fått lov å skje utan ein større innsats frå verdssamfunnet.

– Tusenvis av våre kvinner blir valdtekne. Vi er overraska over at dette kan skje i vår tid, mens Vesten ropar etter humanisme. Dersom verda ikkje vernar om jesidiane, vil vi anten bli utrydda eller måtte flykte, seier Abu Shujaa.

SISTE NYTT

Siste nytt