Har fått nok av løgnfulle bookingsider

Har du irritert deg over reklamen på hotellbookingssider? No har britiske styresmakter laga nye retningslinjer, og Noreg kan følge etter.

Skjermdump hotellbookingsider

Dei ulike bookingsidene er fulle av reklame og tilbod som vil lokke deg til å bestille hotellrom. Det britiske konkurranse- og marknadstilsynet har no laga felles retningslinjer.

Foto: Skjermdump

«Nokon andre ser på det same rommet akkurat no».

«Berre to ledige rom igjen».

«Nokon bestilte dette rommet for 20 minutt sidan».

Du har kanskje sett fleire slike setningar når du har forsøkt å bestille rom på nettsider som Booking.com, Expedia eller Trivago, og spurt deg sjølv om det kan stemme. På nokre sider er det kanskje meir reklame enn andre, og no innfører dei felles retningslinjer i Storbritannia.

Einige om fleire punkt

Det britiske konkurranse- og marknadstilsynet har teke for seg bookingsidebransjen fordi det kom fleire skuldingar om kreativ marknadsføring, pågåande reklame, feilaktige påstandar om rabattar og skjulte avgifter.

Dei ulike sidene samarbeida med tilsynet, og dei har kome fram til følgande retningslinjer:

  • Søkemotoren skal tydeleggjere om eit hotell har kjøpt seg ei betre plassering i søkeresultata.
  • Ikkje skape eit falskt inntrykk av kor tilgjengeleg eller populært rommet er ved å gje deg informasjon som får deg til å gjere ei forhasta bestilling. Om du til dømes får beskjed om at nokon andre ser på det same rommet, så skal dei også gjere det klart at det kan vere snakk om andre overnattingsdatoar enn det du vurderer.

  • Det skal ikkje vere lov å plassere reklame for utselde hotell innimellom alle dei ledige romma, sidan dette vert gjort for å skape eit inntrykk av at du må skunde deg.
  • Det vert stilt krav om å vere tydelegare på kva rabattar som gjeld, og at ein ikkje promoterer tilbod som ikkje er aktuelle på det gjeldande tidspunktet. Til dømes har tilsynet avdekka at ei side kan samanlikne prisen for overnatting i ei helg og midt i veka, og deretter påstå at du får 20 prosent rabatt, når det eigentleg er snakk om at det er 20 prosent prisskilnad mellom ein vekedag og helg.
  • Alle sider skal vise fram totalsummen for din reservasjon med ei gong du får opp resultatet, ikkje gøyme bort ulike avgifter som kjem til å komme om du går vidare i reservasjonsprosessen.

Dei ulike bookingsidene har no blitt einige med det britiske konkurranse- og marknadstilsynet om at dei skal rette seg etter desse reglane. Reglane skal gjelde nettsider som er registrerte i Storbritannia. Dette er sider også norske forbrukarar kan kome seg inn på og bruke.

Vurderer tiltak i Noreg

Avdelingsdirektør i Forbrukartilsynet, Jo Gjedrem, seier til NRK at dei har følgt med på det som har skjedd i Storbritannia, og at dei no vurderer korleis det skal følgjast opp i Noreg.

– Når det gjeld desse hotelbookingssidene, så er det andre europeiske tilsyn som har jobba med dette. Det vert snakka om korleis det kan følgast opp, men me har ikkje bestemt oss for nokon framgangsmåte endå, seier Gjedrem, som altså gjev signal om at også norske styresmakter kan kome til å lage reglar for nettsidene sin marknadsføring.

Gjedrem viser til at tilsynet tidlegare har vore i dialog med dei same nettsidene for nokre år tilbake då heile 22 bookingsider marknadsførte seg sjølve som «billigast». Det viste seg at fleire var like billige, men ingen var billigast.

Vil gjelde i Storbritannia

Expedia Group, som driv nettsidene Hotels.com og ebookers, seier til CNN at dei frivillig bidrog i arbeidet med å lage retningslinjer, og at det i arbeidet ikkje vart funne nokon grunn til å krevje erstatning eller at Expedia har brote nokon forbrukarlov. Dei seier også at regelendringane i denne omgang berre kjem til å bli gjennomført på deira britiskregistrerte sider.

Trivago seier til same nettstad at dei synest det er ei positiv utvikling for bransjen at alle britiske reisenettstader får den same tilnærminga til retningslinjer. Dei seier at dei vil følge retningslinjene «i den grad det er relevant for oss».

Talspersonen for Booking.com seier til CNN at dei er glade for at tilsynet ikkje hadde funne noko teikn på lovbrot.

SISTE NYTT

Siste nytt