NRK Meny

– Det som skjer i Arktis, får følgjer for oss alle

– Eg håpar den nye rapporten vil føre til at politikarane handlar, seier leiaren for FNs klimapanel, Rajendra Pachauri. I september legg han fram ein ny rapport om klimatilstanden på jorda. Mellom anna blir prognosane for havnivåstiging kraftig oppjustert.

Rajendra Pachauri

Leiaren for FNs klimapanel, Rajendra Pachauri håpar den nye rapporten som kjem i september vil føre til politisk handling. Pachauri besøkte denne veka Ny-Ålesund på Svalbard.

Foto: Eivind Molde / NRK|

Artikkelen er flere år gammel.

800 ekspertar frå 85 land har vore med på å lage den nye rapporten frå FNs klimapanel, 19 av dei er norske.

Dei har gått gjennom og samanstilt det siste innan klimaforskinga på ei rekkje felt, og presenterer sine konklusjonar i fire delar, den første i september.

Rapporten som kjem i haust er på i alt 1.000 sider. Der vil det blant anna gå fram at klimaet i Arktis i framtida vil påverke ver og klima andre stader i verda i langt større grad enn forskarane har vore klar over til no.

Jan-Gunnar Winther

Direktør for Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther er ein av hovudforfattarane av den nye rapporten frå FNs klimapanel.

Foto: Eivind Molde / NRK

Det seier direktøren for Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther, som er ein av hovudforfattarane av rapporten.

Arktis påverkar

– Dette kan synast som eit paradoks. Vi har altså ei global oppvarming, og ei sterk regional oppvarming i Arktis. Men på grunn av endringar i luftstraumane, kan ein i nærområda til Arktis, for eksempel i vårt eige land, få inn kald luft som gjer at vi får kalde vintrar trass i at jorda blir varmare, seier Winther.

Heilt andre stader, som i USA, vil ein kunne få hetebølgjer. Dette skjer på grunn av endringar i atmosfæren - endringar som har sitt utspring i oppvarminga av Arktis.

Vi ser altså «koplingar» over store avstandar som gjer at det som skjer i Arktis, får følgjer for oss alle.

Les også: Vi har mer ekstremvær i vente
Les også: Havnivået kan stige med 1,6 meter

Kongsfjorden på Svalbard

På veg inn Kongsfjorden på Svalbard. Vi ser tilbake mot Ny-Ålesund.

Foto: Eivind Molde / NRK

Oppjusterer estimat for havnivåstiging

I nye rapporten har Winther ansvar for det som står å lese om is. Rapporten vil mellom anna fortelje at issmeltinga på Grønland påverkar havnivået meir enn ein har vore klar over til no.

– Innlandsisen på Grønland og i Antarktis er viktigare for havnivået enn det vi har forstått tidlegare. Særleg gjeld dette Grønland. Derfor blir estimatet for havnivåstiging betydeleg oppjustert i den nye rapporten frå FNs klimapanel, seier Jan-Gunnar Winther.

Kor mykje det er snakk om, kan ikkje Winther seie noko om før rapporten kjem i september.

Issmeltinga i Polhavet påverkar ikkje havnivået, men rapporten vil dokumentere at denne utviklinga har gått svært raskt, og at ein må vente ei tilsvarande utvikling framover, fortel Winther.

Håpar på handling

Leiaren for FNs klimapanel, Rajendra Pachauri, håpar den nye rapporten i endå større grad enn den førre, som kom i 2007, vil utfordre til politisk handling.

– Vi har fått mykje ny kunnskap, og er dermed betre rusta til å komme med grundige berekningar av klimautviklinga framover, så eg håpar politikarane vil handle, slik at utsleppa som er til skade for klimaet, går ned, seier Pachauri.

2007-rapporten fekk hard kritikk, mellom anna fordi det blei påvist feil. Denne gongen er rutinane betra.

Les også: – Dette blir det mer av

Kvalitetssikring

– Kan vi stole på den nye rapporten?

– Generalsekretær Ban Ki-moon og eg bad om ein gjennomgang av alle prosedyrar. På bakgrunn av rapporten som kom, har vi gjort vesentlege endringar i måten klimapanelet jobbar på, seier Pachauri.

– Vi er glad for konstruktiv kritikk, legg han til.

Det som står i rapporten, har vore ute på ei brei høyring. I alt har det komme inn over 50.000 kommentarar til den delrapporten som blir lagt fram på ein pressekonferanse i Stockholm 27. september.

Kongsfjorden på Svalbard

Før var Kongsfjorden på Svalbard dekka av is vinterstid. Dei siste vintrane har fjorden i stor grad vore isfri.

Foto: Eivind Molde / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt