Hopp til innhold

Etterforskar Airbus for aktlaust drap

Flyselskapet Airbus blir etterforska for aktlaust drap etter Air France-ulykka i Atlanterhavet for to år sidan.

Flyet med 228 personar om bord var på veg frå Rio de Janeiro i Brasil til Paris i Frankrike då det forsvann i Atlanterhavet natt til 1. juni 2009 .

No er flyprodusenten Airbus under etterforsking for ulykka, opplyser administrerande direktør Thomas Enders.

Selskapet vart informert om dette i ein domstol i Paris i dag, melder nyheitsbyrået AFP.

– Vi sterkt imot denne avgjerda. Vi meiner den i beste fall kjem for tidleg, seier Enders.

Airbus meiner sjølv at det er for tidleg å fordele skuld, sidan verken etterforskarar eller teknikarar har greidd å kome fram til kva som var årsak til at flyet styrta.

– Vi vil støtte vidare leiting etter dei svarte boksane, fordi vi er overbeviste om at om vi finn desse boksane, kan vi finne ut kva som verkeleg skjedde på denne tragiske flyturen, seier Enders.

Teknisk svikt og uvêr

Det vart sendt ut automatisk naudsignal om feil i det elektriske systemet då flyet var då på veg inn eit stormfullt område.

Ikkje lenge etter var Air France Flight 447 borte frå radaren. Tre nordmenn og folk frå til saman 32 nasjonar kom aldri fram til Paris.

Air France meinte det var uvêret som førde til flystyrten, og at det elektriske anlegget vart slått ut av lynet.

Men snart kom det fram at eit liknande Airbus-fly hadde hatt ei nesten-ulykke etter alvorlege dataproblem . Ekspertar var difor spesielt interesserte i å finne dei såkalla svarte boksane med taleregistrator og ferdskrivar.

Desse ligg framleis på havbotnen, kanskje så djupt som 4000 meter under overflata .

– Flaug for sakte

Den franske avisa Le Monde skreiv seinare ein artikkel der det vart hevda at pilotane heldt for lav frat til å kome gjennom uvêret.

Air France fortalde så at dei hadde teke kontakt med Airbus-fabrikken om problem med fartsmålarane, og hevda dei kunne fryse til is i dårleg vêr . Då partane ikkje vart einige om dette, starta Air France sjølve å bytte fartsmålarar.

Ved utgangen av juli samme år snudde Airbus, og oppfordra Air France om å erstatte fartsmålarane på alle fly av typen A330 og A340.

Saksøkt av familien

Etterlatne av åtte av dei 228 som omkom i flystyrten bestemte seg nokre månader seinare for å ta Airbus og fleire deleprodusentar til retten .

Dei meinte flystyrten var eit direkte resultat av aktløyse frå produsentane.

I april i fjor fekk dei støtte frå ein mellombels rapport , som sa at manglande vedlikehald kan ha vore årsak til flystyrten.

Etterforskarar har allereie brukt om lag 250 millionar kroner på å leite etter vraket, men har ikkje klart å finne det. Likevel søkte det franske etterforskingsbyrået BEA om å få leite vidare .

20. mars startar det fjerde søket. Air France og Airbus dekkjer kostnadane på meir enn 70 millionar kroner.

Etterforskar Air France-ulukka

Etterforskarane gir ikkje opp å finne ut kva som skjedde då Air France Flight 447 styrta på veg frå Rio de Janeiro til Paris.

Foto: ERIC CABANIS / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt