Hopp til innhold

Vil fortsetja jakta på dei svarte boksane

Frankrike varslar at dei vil gjennomføra eit nytt søk etter vraket av Air France-flyet som styrta i Atlanterhavet i fjor sommar.

Etterforskar Air France-ulukka

Etterforskarar granskar alle vrakrestane frå Air France-ulukka for å prøva å finna bakgrunnen for den mystiske styrten den 1.juni i fjor. Biletet er frå juli 2009.

Foto: ERIC CABANIS / Afp

Ifølgje avisa Bloomberg søkjer det franske etterforskingsbyrået BEA no om løyve frå Transportminister Thierry Mariani for eit fjerde undersjøisk søk før dei skriv ut ein endeleg rapport om Air France-ulukka.

228 menneske var ombord på flyet av typen Airbus 330 då det forsvann under ei flyging frå Rio de Janeiro til Paris. Etter tre forsøk på å finna flyet og dei svarte boksane blei leitingen avslutta i mai i år.

Etterforskarane har allereie brukt rundt 30 millionar euro, eller om lag 250 millionar kroner, på tidlegare søk etter vraket.

Tidlegare funn har signalisert at at vedlikehaldsproblem med hastigheitssensorane kan ha vore årsaka til ulukka.

Men etterforskingsbyrået BEA meiner ei rekkje hendingar truleg aldri vil verta forklart med mindre dei finn dei såkalla «svarte boksane», som inneheld ferdskrivar og taleregistrator frå cockpit.

AKTUELT NÅ