Hopp til innhold

Gilbert om grense­opninga: – Berre eit spel for galleriet

Egypt har opna opp grensa for skada palestinarar. Internasjonale hjelpearbeidarar kjem likevel ikkje inn, seier den norske legen.

Mads Gilbert

FÅR IKKJE SLEPPE INN: Den norske legen Mads Gilbert får ikkje sleppe over grensa til Gaza, sjølv om grensa er open.

Foto: Fabian Ubeda

Rafah-overgangen mellom Egypt og Gaza er no open. På bilda ser ein fleire hundre menneske som held på å krysse grensa.

Den norske legen og hjelpearbeidaren Mads Gilbert har forsøkt å krysse grensa. Sjølv om grensa er open, får ikkje dei sleppe inn.

UD råder nordmenn til å vente. Dei har Ikkje fått beskjed om at norske borgarar er oppført på lista over dei som skal krysse grensa i dag.

Tala på skada og drepne på Gazastripa stig. Over 8500 palestinarar er drepne, ifølge dei Hamas-kontrollerte helsestyresmaktene i Gaza. 3500 av desse er barn.

Gaza

Då Rafah-overgangen opna onsdag morgon var det mange som strøyma over grensa.

Foto: AFP

– Rafah er i praksis heilt stengd. Opninga vi ser i dag er usikkert om vil gi tilgang til anna enn autorisert egyptisk personell.

Gilbert seier han har fått melding om at alt av internasjonalt personell forlèt Gaza i dag. Både journalistar og helsepersonell.

– I dag reiser alle internasjonale auge, og det er det Israel vil. Noko bistand skal inn i dag, men dette er eit spel for galleriet.

Les også UD om å få norske borgere ut av Gaza: – Ser ut som at det vil skje puljevis

Mads Gilbert ha vore medlem av Palestinakomiteen i ei årrekke, og vore ei tydeleg stemme for den palestinske saka i Noreg.

– Auge og øyrer skal inn

Gilbert seier dei heile tida har kontakt med egyptiske styresmakter for å få løyve til å krysse grensa.

– Hittil har vi ikkje fått løyve til å passere Sinai-ørkenen og komme inn over Rafah. Dette gjeld alle internasjonale hjelpearbeidarar.

NORWACdelegasjonen har ventet i Kairo i to uker.

Dette er NORWAC-delegasjonen som Mads Gilbert reiser med.

Foto: Privat

Gilbert held til i Kairo. Frå Kairo til Rafah er det fleire kontrollpunkt som ein treng løyve frå Egyptisk militære for å krysse.

– Vi vil framleis forsøke og vi gir ikkje opp før vi er inne i Gaza. Auge og øyrer skal inn.

Les også På innsida av al-Quds-sjuke­huset: – Opplever sine verste dagar

Al Quds-sjukehuset i Gaza by.

Palestinske hjelpearbeidarar går snart tom drivstoff og varslar ei matkrise.

– Situasjonen er ekstrem og helsearbeidarane er utslitne. Dei er sjølv sjuke på grunn av smittsame mage- og tarmsjukdommar Eg har fått rapportar frå Shifa-sjukehuset om at alle som arbeidar der har feber, diare og kastar opp på grunn av mangel på reint vatn.

SISTE NYTT

Siste nytt