Hopp til innhold

Gigantområde i Antarktis kan bli verna

Verdas største verneområde til havs kan bli etablert i Antarktis. Området er fem gonger så stort som Tyskland. Greenpeace mistenkjer norske styresmakter for å trenere arbeidet av omsyn til norske fiskeriinteresser.

Gorgonocephalus Chilensis Basket Star

Chilensk mangearma sjøstjerne i Weddelhavet.

Foto: Christian Åslund / Greenpeace

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sel, kval, pingvinar, og eit yrande liv av andre levande skapningar og organismar skal få leve i fred i Weddelhavet. Alt fiske må bli forbode. Det meiner Tyskland, som har foreslått å verne Weddelhavet, og fått støtte for dette frå EU.

Dersom området blir verna, vil det bli verdas største verneområde til havs – 1,8 millionar kvadratkilometer stort, fem gonger så stort som Tyskland.

Dei som avgjer saka, er EU-landa og 24 andre land som er med i Kommisjonen for bevaring av marine, levande ressursar i Antarktis, CCAMLR. Kommisjonen møtest neste gong i oktober.

Miljøorganisasjonen Greenpeace gjennomfører no ein internasjonal underskriftskampanje for å presse politikarane til å seie ja. Til no har vel 1,5 millionar menneske skrive under.

Unike bilder fra Weddellhavet. Forskerne har ikke sett lignende mangfold.

Forskar, saman med ekspertar frå Greenpeace, gjorde spennande funn på havbotnen i det som kan bli eit enormt verneområde i Antarktis. Foto: Greenpeace

– Vil ha meir data

Norske styresmakter meiner det er for tidleg å konkludere.

Statssekretær i Utenriksdepartementet, Audun Halvorsen (H)

Statssekretær i Utanriksdepartementet, Audun Halvorsen (H).

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

– Noreg har vore, og er, ein pådrivar i arbeidet for å opprette marine verneområde rundt Antarktis. Men når det gjeld det området som blir diskutert no, er forslaget framleis er til behandling i vitskapskomiteen. Vi ønskjer å hente inn meir data for å få eit betre grunnlag for kunne ta ei avgjerd. Derfor sender vi det nye forskingsskipet Kronprins Haakon til området kommande vinter for å bidra til forskingsarbeidet, seier statssekretær i Utanriksdepartementet, Audun Halvorsen (H).

Leiar i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen, stiller seg undrande til at Noreg meiner det er nødvendig å hente inn meir kunnskap om området.

Mangfold av arter på havbunnen av Antarktis gjort av forskere hos Greenpeace

Økosystemet i Weddelhavet er unikt, meiner forskarane.

Foto: © Greenpeace

– Må ikkje bli sovepute

– Meir forsking er alltid bra, men det må ikkje stå i vegen for at vi vernar det som vi allereie no veit må vernast. Eg ser ein fare i at meir forsking kan bli ei sovepute som fører til at ein utset eit nødvendig vernevedtak på ubestemt tid, og då taper miljøet, seier Gulowsen.

Truls Gulowsen

Leiar i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen.

Foto: Trygve Berge / NRK

Det største marine verneområdet til no (1,5 millionar kvadratkilometer), omfattar blant anna Rosshavet i Antarktis. Dette området blei verna i 2016. Tre år tidlegare sa CCAMLR nei til dette forslaget, og eit forslag om å verne Aust-Antarktis.

No er det altså Weddelhavet kampen står om. Dette er eitt av dei havområda i verda som har rikast plante- og dyreliv. Det er i liten grad påverka av menneskeleg aktivitet.

– Unikt økosystem

I verneforslaget skriv Tyskland mellom anna at den internasjonale fiskeflåten så langt har styrt unna dette området, og at det er viktig å sikre at det framleis blir slik.

«Kommersielt fiske vil utgjere ein stor trussel mot dei rundt 14.000 sårbare dyreartane som lever i Weddelhavet. Det er vår historiske oppgåve å ta vare på dei unike økosystema i Antarktis», heiter det i forslaget.

Biologist Dr. Susanne Lockhart in the Antarctic

Dr. Susanne Lockhart er biolog ved California Academy of Science. Her studerer ho funn som er gjort i det området som no kan bli verna.

Foto: Christian Åslund / Greenpeace

Har samla data i fire år

Ekspertar frå det tyske Alfred Wegener-instituttet har i løpet av dei siste fira åra samla og analysert store mengder data frå Weddelhavet.

Sist vinter gjennomførte Greenpeace eit tokt med Arctic Sunrise i området, der også ei gruppe forskarar var med.

Ein av dei er Dr. Susanne Lockhart, som er biolog ved California Academy of Science. Etter å ha studert funna frå havbotnen, sa ho at ho som forskar aldri tidlegare sett så mange artar av kaldvass-korallar og svampar i sitt naturlege miljø.

– Vi er svært imponert, og spesielt over eitt av områda vi har oppdaga. Sjøbotnen er dekka hundre prosent med ulike organismar, med ein fantastisk struktur som gjer at andre organismar kan komme inn og overleve der, seier Lokhart.

Undervannsbilde av sjøbunnen i Antarktisk

Bileta frå havbotnen i Weddelhavet dokumenterer eit rikt mangfald av arter.

Foto: © Greenpeace

– Prioriterer næringsinteresser

Greenpeace er utolmodig, og meiner det hastar å få gjort eit vedtak om vern allereie til hausten.

– Både Tyskland og EU har gjort eit grundig forarbeid. Vi mistenkjer at Noreg ønskjer å skyve på dette av omsyn til eigne, potensielle framtidige næringsinteresser. Og det er jo slik at dersom eit område blir verna, må ein verne mot alt som kan skade, også fiskeriaktivitet, seier Truls Gulowsen.

Statssekretær Audun Halvorsen avviser dette.

Foreslått verneområde i Weddelhavet, Antarktis

Verneområdet som er foreslått i Weddelhavet er 1,8 millionar kvadratkilometer stort, fem gonger så stort som Tyskland.

Foto: NRK

– Tar omsyn både til miljø og fiskeri

– Vi meiner desse to omsyna kan kombinerast. Noreg har ein lang tradisjon med å balansere forsvarleg og berekraftig utnytting av natur- og fiskeriressursar med miljøomsyn. Det legg vi også heilt og fullt til grunn i denne saka. Vi har verdas best forvalta fiskeristammar i Norskehavet og Barentshavet, og det er ein forvaltingskultur som vi også tar med oss til havområda ved Antarktis, seier Halvorsen.

Tidlegare i år tok Sosialistisk Venstreparti saka opp i spørjetimen i Stortinget. Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken seier det er bra at Noreg bidrar til meir forsking.

– Eg håpar berre dette ikkje eit fordekt tiltak for å utsetje vern, seier han.

I tillegg til forslaget om å verne Weddelhavet, arbeider Chile og Argentina med eit verneforslag som gjeld eit mindre område ved Antarktis-halvøya.

SISTE NYTT

Siste nytt