Testar av dei døde fuglane viser at dei hadde influensa, men det er førebels uvisst om det er av farleg type.
Eit titals personar er kalla inn ekstra til laboratoriet i Uppsala for å sjekke prøvane frå dei døde endene, skriv den svenske avisa Afonbladet på sine nettsider.
Dersom det er eit aggressivt fuglevirus av typen H5 som har teke livet av dei, kan det ta opp til ti ekstra dagar før ein veit om det også kan vere farleg for menneske.
Dei må då gjere vidare undersøkingar for å avklare om det er snakk om det frykta H5N1-viruset.
Men dei svenske veterinærstyresmaktene legg vekt på at det er vanleg at ender har influensavirus.
På denne årstida kan 20 til 30 prosent av fuglane bere influensavirus.
Influensaen kan ha kome til Sverige med trekkfuglar frå Russland.