Hopp til innhold

Fryktar fleire korona-døde etter hetebølgje i Sibir

Sommaren i Sibir har starta med ei uvanleg kraftig hetebølgje. Mange fryktar at varme og røyk frå ukontrollerte storbrannar skal føre til at fleire døyr av covid-19.

Område ved Nadym, Sibir, Russland

Snøen smelta tidleg ved Nadym i Sibir.

Foto: Sergej Reshetov

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Lufttemperatur på meir enn 25 grader over snødekt tundra – i eit område der det vanlegvis er minusgrader i slutten av mai. Ei uvanleg kraftig varmebølgje har komme inn over områda nord for polarsirkelen i Sibir.

I byane Norilsk og Igarka blei førre mai-rekord slått med 12 grader, ifølgje Nansensenteret. Norilsk ligg på same breiddegrad som Tromsø, Igarka som Bodø.

Sergej Reshetov, Nadym, Sibir, Russland

Sergej Reshetov.

Foto: Privat

Isen gjekk tidleg på elva

Sergej Reshetov bur i Nadym, sørvest for Igarka. Han arbeider i vertenesta på flyplassen i Nadym.

– Mai månad var svært varm her. Det førte til at isen gjekk to veker tidlegare enn vanleg på elva som renn gjennom området, seier han til NRK.

Han fortel at temperaturen var oppe i 26 garder.

– Det er svært uvanleg med så høge temperaturar på denne tida. Vi hadde også torever, noko som også er unormalt i mai. Det er jo vanlegvis snø og langt lågare temperaturar her, fortel han.

Lyn og torden i Nadym, Sibir, Russland

Lyn og tore er eit uvanleg fenomen i mai. Men i år kom sommarvarmen tidleg til Sibir. Biletet er tatt i byen Nadym.

Foto: Sergej Reshetov

– Unormalt varm vinter

Også lenger sør i Sibir har det vore uvanleg varmt. Frå Novosibirsk, den tredje største byen i Russland, blei det rapportert om over 35 grader i mai.

Frå januar til april låg temperaturane i Russland nesten seks grader over normalen, ifølgje forskingsinstituttet Berkeley Earth i California.

Igor Ezau ved Nansensenteret viser eit døme på "urbane varmeøyar" i Arktis

Klimaforskar Igor Ezau ved Nansensenteret.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Den ekstreme hetebølgja kjem etter ein unormalt varm og snøfattig vinter. Allereie i april begynte snøen å forsvinne i dei nordlegaste områda. Dermed blei overflata mørkare og absorberte meir av solenergien, seier klimaforskar Igor Ezau ved Nansensenteret.

– Temperaturane steig, og høgtrykket over Sibir blei svekka. Vanlegvis hindrar høgtrykket at det kjem varm luft inn over området om våren. Men altså ikkje i år, seier Ezau.

Hoppa over ei årstid

Litt sør for Novosibirsk, i Barnaul, var det som om vêret skifta direkte frå vinter til sommar.

– Ein eller annan slo på «varmluft-brytaren» i slutten av april, og så kom sommaren. Eg er fødd her, og har budd her i 60 år, men kan ikkje hugse ein einaste vår slik som denne, seier journalist Sergej Zubchuk til The Siberian Times.

Ifølgje prognosane kjem varmebølgja til å bli langvarig.

Tidagarsvarsel

Varselet for dei neste 10 dagane viser temperaturar på mellom 10 to 20 grader over normalen i Sibir.

Grafikk: NCEP Global Forecast System


Fryktar brann

For ei veke sidan rapporterte forskarar frå Copernicus Atmosphere Monitoring Service (CAMS) at dei har sett tydelege signal som tyder på at vi kan få ein ny periode med omfattande gras- og skogbrannar i Arktis. Dei byggjer dette blant anna på data frå satellittar.

Laster Twitter-innhold

CAMS fryktar at dei høge temperaturane dei siste månadene kan vere med på å auke talet på intense brannar i regionen.

NASA rapporterte om allereie i april om brannar som herja i ni regionar og republikkar i Sibir. Brannane var ifølgje The Siberian Times opp til ti gonger verre enn på same tid i fjor.

Laster Twitter-innhold

Ifølgje russiske styresmakter dekte brannane tidleg i mai eit område på rundt 50.000 kvadratkilometer. Nasa sitt brannkart viser at det brenn ei rekkje stader i Sibir.

Eit område så stort som Belgia stod i brann i Sibir i august i fjor, men ifølgje miljøvernarar var eit tre gonger så stort område øydelagt av flammane.

Stor helserisiko

Hetebølgja kjem på eit tidspunkt då folk er nøydde til å halde seg innandørs som følgje av smitteverntiltak i samband med koronapandemien. For mange er det ekstra vanskeleg å sitje isolerte i små, overoppheta leilegheiter utan kjøleanlegg.

Dersom brannar skulle bli eit like stort problem som i fjor, vil røyken komme på toppen av dette, som ein ekstra helserisiko. Då blei enorme område i Sibir øydelagde i brann.

Mange fryktar at talet på døde som følgje av covid-19 vil kunne auke drastisk på grunn av intens varme og røyk frå brannane.

– Kombinasjonen av røyk frå brannar og covid-19 er ikkje bra for lungene, seier Igor Ezau ved Nansensenteret.

Hetebølgja i Moskva i 2010 nesten dobla talet på dødsfall samanlikna med normalen. Det blei også rapportert om mange døde under hetebølgjene i Europa i 2003, 2018 og 2019.

SISTE NYTT

Siste nytt