Hopp til innhold

Rykte om frislepp av fangar i Tacloban

Det går rykte i den tyfonramma byen Tacloban i Filippinane om at alle fangane i fengsla i byen er sette fri. Dette kan gjere situasjonen i byen endå meir utrygg.

Matkø i Tacloban.

Menneske har stilt seg opp i kø i håp om å få delt ut mat og vatn i Tacloban.

Foto: Praveen Agrawal / Afp

Sidsel Bjørnseth, som representerer den norskdrivne barneheimen Streetlight i Tacloban i Noreg, fortel at ho var i kontakt med ansvarleg for drifta ved barneheimen, Erlend Johannessen, ved 16-tida norsk tid.

Innbyggjarar i Tacloban i kø for medisinsk behandling.

Lokale innbyggjarar i kø for å få medisinsk behandling på eit senter som er oppretta på flyplassen i Tacloban.

Foto: Bullit Marquez / Ap

Han fortalde at situasjonen framleis er kritisk, og at dei byrjar bli slitne. Det er like før rasjonane av mat og vatn tek slutt, og det går rykte i byen om ein ny tyfon og eit nytt kraftig regnver.

– Rykte fortel også at fangane ved fengsla i byen er på frifot, noko som påverkar tryggleiken vil våre folk i Tacloban, seier Sidsel Bjørnseth.

LES OGSÅ: Reiser til sønnen på Filippinene

Evakuerer sjuke og skadde

Militærfly har evakuert mange frå Tacloban i dag, først og fremst sjuke og skadde. Det har ikkje lukkast Streetlight å få med nokon av nordmennene som har jobba som frivillige på barneheimen med på desse flygingane. Sidsel Bjørnseth seier dei jobbar på spreng for å få det til.

Ho understrekar at dei tre frivillige er på eit trygt hotell med militære vakter utanfor. Bjørnseth fortel at det å få dei frivillige ut har første prioritet, deretter kjem borna på barneheimen og dei tilsette. Ho har tru på at det vil skje i løpet av dei neste par døgna.

LES OGSÅ: - Betre rusta enn ved tidlegare katastrofar

LES OGSÅ: – Alle her er berørt av tyfonen

Erlend Johannesen sammen med barnehjemsbarna i Tacloban

Erlend Johannesen saman med borna på barneheimen i Tacloban.

Foto: Streetlight

– Komplisert operasjon

Det er planen å evakuere mellom 80 og 90 menneske. Det er ein komplisert operasjonen, for vegane er stengde. Erlend Johannessen har gjort det klart at dei ser på fleire moglege løysingar.

Tacloban er ein av byane som er hardast ramma av tyfonen som ramma Filippinane sist fredag. Det var ein livleg hamneby før tyfonen la byen i grus. Leger uten grenser seier dei har lokalisert eit sjukehus som framleis er i drift i byen.

Ordføraren i Tacloban seier at så mange som 10.000 menneske kan ha mist livet berre der i byen. Det er uklart kor mange omkomne det er i alt, men det er venta at det vil overstige 10.000. Tacloban er provinshovudstad i Leute.

Plyndring og unntakstilstand

LES OGSÅ: – Like katastrofal som tsunamien i Japan

LES OGSÅ: Stormjeger: Det mest skremmende jeg har sett

Området som er ramma er tilsvarande ei strekning frå Oslo til Roma, og det er til dels tett folkesette område.

Meldingar frå Tacloban fortel om desperate menneske som går på måfå rundt i byen på jakt eller mat og vatn. Det er også rapportert om plyndring fleire stader i byen, sjølv om militæret og politiet har sendt ekstra mannskap til byen.

Presidenten erklærte tidlegare i dag unntakstilstand i området.

LES OGSÅ: Slik herjet tyfonen på Filippinene

LES OGSÅ: Filippinane: Slik kan du hjelpe

Her kan du leite etter folk du kjenner

SISTE NYTT

Siste nytt