Hopp til innhold

- Betre rusta enn ved tidlegare katastrofar

– Det vil ta lang tid å kome skikkeleg i gang med hjelpearbeidet i Filippinane, men vi er betre rusta enn nokon gong tidlegare, seier Jan Egeland i Flyktninghjelpen.

- Vi treng hjelp, står det på skilta til desse filippinske borna.

Born i Cebu i Filippinane har ein klar bodskap til verda: Vi treng hjelp.

Foto: CHARLIE SACEDA / Reuters

Hjelpearbeidarar i den verutsette øynasjonen Filippinane seier dei aldri har opplevd noko så ille. Mange stader er absolutt alt borte. Bygningar, vegar og telefonliner er ikkje der lenger, og det er mangel på absolutt alt, både mat, vatn og medisinar. Forholda er så ille at det ikkje er mogleg å skildre, seier folk i området.

Jan Egeland i Dagsnytt 18.

Jan Egeland er generalsekretær i Flyktninghjelpa og var tidlegare FNs naudhjelpskoordinator.

Foto: NRK

– Vi er like hjelpelause som nyfødde born, seier ei kvinne til NRK medan ho leitar rundt i restane av det som ein gong var butikken hennar.

FN-styrt kommandostruktur

Katastrofen er plassert i nivå 3, der all naudhjelpa skal inn i ein kommandostruktur styrt av FN. Det første akutte problemet er å få opp forsyningslinene. Den logistiske utfordringa er enorm, og det er mange som treng bistand straks.

Dei siste tala frå FN seier at over 10.000 er frykta omkomne, medan 660.000 menneske er heimlause. Opp til 20 millionar menneske kan vere ramma i større eller mindre grad.

Generalsekretær i Flyktninghjelpen og tidlegare naudhjelpskoordinator i FN, Jan Egeland, seier at berre militære mannskap er i stand til å organisere ein hjelpeaksjon av eit slikt omfang som no er naudsynt i Filippinane. Etter tsunamien i 2004 var det militære mannskap frå fleire land som fekk inn dei første hjelpesendingane.

Filippinske soldatar lastar naudhjelp.

Filippinske soldatar førebur seg på laste naudhjelp om bord i militærhelikopter i den hardt ramma byen Tacloban.

Foto: Bullit Marquez / Ap

– Det vil ta tid

Han åtvarar om at same kor store ressursar som blir sette inn i hjelpearbeidet, så vil det ta tid å hjelpe alle dei som treng hjelp.

– I tillegg til den humanitære katastrofen er området som er ramma også ei aktiv konfliktsone, der fleire geriljaorganisasjonar opererer. Det gjer situasjonen endå meir komplisert, seier Egeland.

Sjølv om det vil ta tid å kome i gang med hjelpearbeidet, så er hjelpearbeidet i dag betre organisert enn nokon gong tidlegare, fortel han. FN ved UNICEF har hovudansvaret for koordineringa av arbeidet, og dei ulike hjelpeorganisasjonane har kvar sine oppgåver.

En amatørfotograf tok bilder av tyfpnen Haiyan idet den treffer Tacloban i Filippinene.

AMATØRVIDEO: Tyfonen slår inn over Tacloban

Naudhjelp frå Frankfurt i Tyskland.

Den internasjonale hjelpa er i gang. Her blir naudhjelp lasta om bord i eit transportfly på flyplassen i Frankfurt i Tyskland.

Foto: FREDRIK VON ERICHSEN / Afp

Nokre organisasjonar har ansvar for å få inn mat, andre har ansvar for born og skulegang, og det er organisasjonar som har ansvar for å verne kvinner og born mot menneskehandlarar, fortel Egeland.

Første lastebilane framme

Dei første lastebilane med naudhjelp har alt kome fram til hjelpetrengande i katastrofeområdet, trass dei vanskelege forholda hjelpeorganisasjonane arbeider under. Men området som treng hjelp er enormt stor, og det vil ta lang tid å nå fram til alle.

Jan Egeland fortel at Flyktninghjelpen no pumpar inn ekspertar på ulike felt som skal delta på ulike område i hjelpearbeidet. Sjølv om hjelpearbeidet er betre organisert enn ved tidlegare katastrofar, så åtvarar han om at dei nærmaste dagane vil bli marerittaktige for dei hjelpetrengande.

Kirkens Nødhjelp, som alt er på plass i katastrofeområdet, høyrer til i gruppa av organisasjonar som har ansvar for reint vatn og oppbygging av skikkelege sanitære forhold. Dette er svært viktig for å hindre utbrot av sjukdomar.

Anne-Marie Helland

Anne-Marie Helland er generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.

Foto: Kirkens Nødhjelp

Generalsekretær Anne-Marie Helland seier at dei i løpet av få dagar vil ha inne utstyr som skal sikre reint vatn og sanitæranlegg til 25.000 menneske.

Regjeringa vil følgje opp

Også Røde Kors i Noreg er tungt inne i hjelpearbeidet, og ein norsk ekspert på området vatn og sanitær har alt reist til Filippinane for å delta i arbeidet. Også dei andre norske hjelpeorganisasjonane som er aktive i landet, er i gang med arbeidet.

Utanriksminister Børge Brende møtte i New Delhi i India i dag den filippinske viseutanriksministeren. Han kunne fortelje at det enno vil ta fleire dagar før dei kjenner heile omfanget av katastrofen.

Brende lovar at den norske regjeringa vil følgje opp den førebelse løyvinga på 20 millionar kroner til naudhjelp i Filippinane, både ved hjelp til norske organisasjonar som arbeider i landet og direkte til FN.

Utanriksministeren meiner det er viktig ikkje berre å hjelpe til i sjølve naudhjelpsfasen, men også i gjenoppbyggingsarbeidet.

SISTE NYTT

Siste nytt