Hopp til innhold

Fransk politi: - Kvinner planla terror i Paris

– Dei tre kvinnene som vart arresterte i ein politiaksjon i Boussy-Saint-Antoine utanfor Paris i kveld, var truleg i ferd med å planleggje eit snarleg terrorangrep, seier innanriksminister Bernard Cazeneuve.

Politiaksjon utanfor Paris.

Tre kvinner vart arresterte i ein antiterroraksjon i Boussy-Saint-Antoine utanfor Paris torsdag kveld.

Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

Arrestasjonen i kveld var svært dramatisk. Politiet opplyser at ei av kvinnene gjekk til angrep med kniv, og at ho vart skoten i låret og såra. Dei tre kvinnene er 39, 23 og 19 år. Cazeneuve karakteriserer dei som radikaliserte og fanatiske.

Han seier at alt tyder på at dei var i ferd med å planleggje eit angrep, og at det skulle skje i løpet av kort tid.

Bil med gassylindrar

Bernard Cazeneuve

– Alt tyder på at dei arresterte kvinnene planla ein snarleg terroraksjon, seier innanriksminister Bernard Cazeneuve.

Foto: STEPHANE DE SAKUTIN / Afp

Aksjonen i kveld skjedde i samband med at politiet sist laurdag oppdaga ein forlaten Peugeot 607 like ved Notre Dame-katedralen i sentrum av den franske hovudstaden. Inne i bilen fann dei sju sylindrar, og seks av dei var fulle av gass.

Det var også tre kanner med diesel i bilen, men ingen detonator.

Funnet gjorde at politiet sette i verk ein stor antiterroraksjon. Den 19 år gamle dottera til bileigaren har vore ettersøkt, og ikkje stadfesta meldingar går ut på ho og systera er blant dei tre som vart arresterte i kveld.

Tidlegare er ein 34 år gammal man og ei 29 år gammal kvinne arresterte. To 26-åringar vart arresterte natt til torsdag. Alle dei arresterte høyrer ifølgje fransk politi til eit radikalt islamistmiljø.

Bil parkert i sentrum av Paris.

I denne bilen utanfor Notre Dame-katedralen fann politiet gassylindrar og fleire kanner med diesel.

Foto: STR / Afp

Notat på arabisk

Dermed er sju personar arresterte etter funnet av bilen, og fem av dei er kvinner.

I bilen som vart funnen sist laurdag vart det også funne i bok med notat skrivne på arabisk, men det er uklart om dette knyt nokon av dei arresterte til ytterleggåande islamistgrupper.

Det er høg terrorberedskap i Frankrike. Statsminister Manuel Valls sa tidlegare denne veka at terrortrusselen mot landet aldri tidlegare har vore så stor.

SISTE NYTT

Siste nytt