Hopp til innhold

Frå opposisjonsavis til talerør for Erdogan

Regjeringsvennlege artiklar prega søndagens utgåve av Tyrkias tidlegare opposisjonsavis Zaman, etter at staten tok over kontroll over avishuset fredag kveld.

TURKEY-MEDIA-RIGHTS-POLITICS

Søndagens utgåve inkluderte ifølge Reuters ein sak om korleis Erdogan skal markere kvinnedagen og hans besøk til ei bru som vert bygd over Bosporussreedet i Istanbul. Framsida hadde også bilete av 'martyrar' som hadde døydd i samanstøyt med kurdiske opprørarar søraust i landet.

Foto: OZAN KOSE / Afp

– Grunnloven er med dette oppheva, var orda til redaktør Abdulhamit Bilici i deira siste ordinære utgåve laurdag, på ein svart bakgrunn som skulle symbolisere det han omtala som ein mørk dag for tyrkisk presse.

Nettsida til avisa var ute av drift med beskjeden «Vi vil gi dykk, lesarane våre, betre kvalitet og ei meir objektiv teneste så snart som mogleg». Den engelske versjonen av nettsida hadde saker om EU sin kritikk mot overtakinga, men har ikkje vorte oppdatert sidan laurdag. Sjefredaktøren til Todays Zaman reagerte kraftig på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Tok kontrollen over opposisjonsavis

Fredag kveld storma politi Istanbul-kontoret til avisa, og slo ned på protestar med tåregass og vasskanonar. Regjeringa viste til ein rettsordre som gav dei rett til å erstatte redaksjonen i det som er landets største opposisjonsavis med eit formyndarskap utnemnd av staten.

Turkey Muslim Cleric

Politiet brukar tåregass mot demonstrantar som samla seg til støtte for avishuset natt til laurdag, etter at politiet hadde storma redaksjonslokalene.

Foto: Ap

Dette er andre gong at regjeringa tek kontroll over eit mediehus som har tilknyting til Fethullah Gülen, ein innflytelsesrik imam som for tida er i eksil i USA.

Gülen er tidlegare alliert med president Erdogan, men dei siste åra har dei hatt fleire uovereinsstemmelsar, som toppa seg med ein korrupsjonsskandale i 2013, der fleire frå regjeringspartiet vart arresterte. Erdogan skuldar Gulen og hans folk for å stå bak dette, og å ha etablert ein terrororganisasjon som planlegg statskupp

– Ikkje ei politisk sak

Protestar mot overtakinga haldt fram gjennom helga. Menneskerettsorganisasjonar og europeiske politikarar har kritisert overtakinga, og sagt at dette krenker pressefridomen i landet, som er eit potensielt EU-medlem.

TURKEY-MEDIA-RIGHTS-POLITICS-DEMO

Ein demonstrant med siste utgåva av den Zaman lesarane kjenner. Laurdag fekk sjefredaktør Abdulhamit Bilici sparken.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Statsminister Ahmet Davutoglu tilbakeviser kritikken og seier at dette er ei juridisk og ikkje ei politisk sak, og at ei etterforsking er starta for å finne ut om «ein terroristorganisasjon» har finansiert avisa.

EU i skvis

EU er på si side i ein skvis ettersom dei er avhengige av eit samarbeid med Tyrkia om flyktningkrisa. EU og Tyrkia skal ha eit kritisk møte måndag i Brussel.

– EU må ikkje slå seg til ro med berre minne tyrkiske myndigheiter om prinsippene om pressefridom, seier organisasjonen Reportarar utan grenser (RSF) i ei pressemelding søndag.

– Dei må bruke all si makt. Det kan ikkje vere noko spørsmål om å ta opp att medlemskapsforhandlingar så lenge Ankara synleg trakkar på europeiske verdiar. Om ikkje EU stoppar å gi etter for utpressing når det gjeld migrantane vil dei gi inntrykk av at dei gir opp prinsippa unionen vart grunnlagd på.

Tyrkia ligg på 149.-plass blant 180 land på RSF sitt indeks over pressefridom i verda, og fleire journalistar og akademikarar har vorte fengsla under Erdogan.

TOPSHOT-TURKEY-POLITICS-MEDIA-COURT-RIGHTS

Berre nokre dagar før overtakinga av Zaman vart redaktøren Can Dündar og hans kollega Erddem Gül frå avisa Cumhuriyet sette fri denne veka etter å ha sitte i fengsel sidan november for bl.a. å ha avslørt tyrkisk transport av våpen til islamistiske grupper i Syria. Saka deira er derimot ikkje avslutta, og skal opp for retten 25. mars.

Foto: VEDAT ARIK / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt