Hopp til innhold

Historikar: Ingen kan stoppa Trump frå å bruka atomvåpen om han vil

Årsaka til at Trump vil vera den personen aleine med all makt over USAs atomvåpen, er 70 år gammal.

FILES-FRANCE-OVERSEAS-POLYNESIA-NUCLEAR

Dette bilete viser ein fransk atomvåpentest i 1971 på Mururoa-atollen i Stillehavet.

Foto: AFP PHOTO / Afp

Det er ikkje slik at Donald Trump kan trykka på ein knapp og så blir ei atomrakett sendt til ein uheldig stad i verda.

Men USAs president, og det er Donald Trump frå 2017, har all makt om kor og når USA atomvåpen skal bli brukt. Det skriv atomvåpen-historikar Alex Wellerstein i Washington Post.

Trump har nyleg, eller vil snart få vita korleis han eventuelt kan bruka desse våpena.

Og mange har vore redde for korleis ein mann, som i enkelte tilfelle kan vera hårsår, vil handtera ansvaret med USAs store atomvåpenarsenal. Snautt 1000 atombomber vil Trump ha tilgang til å senda av garde på kort varsel.

Hillary Clinton, som tapte mot Trump i november, sa blant anna i ein tale at «ein mann du kan erta med ein tweet, er ikkje ein mann me kan stola på når han har atomvåpen.»

– Kan ikke stole på Trump med atomvåpen

Lenger nede i saka kan du sjå sitat frå Donald Trump om atomvåpen

Lova blei til for å verna mot «trigger-happy» generalar

Wellerstein skriv at grunnen til at det er presidenten aleine som har makt over atomarsenalet, var at «trigger-happy» generalar ikkje skulle kunne senda atomrakettar utan at det er eit politisk vedtak bak.

Atomic Energy Act blei vedteken i 1946, året etter at USA slepte atombomber over Hiroshima og Nagasaki. Over 100.000 menneske blei då drepne i dei to japanske byane.

Forskarar frå Manhattan Project, som var det som utvikla dei fyrste atombombene, hadde blitt skremde av militære under andre verdskrig. Dei meinte generalane brydde seg lite om etikk, demokrati og internasjonal politikk. Og det var litt av bakgrunnen til at det var presidenten som skulle ha ansvaret.

Dette må til for at USA skal fyra av atomvåpen

Dersom Donald Trump skulle bestemme å seg for å bruka atomvåpen, vil følgande skje.

US-ANTI-NUCLEAR-ACTIVISTS-PROTEST-OUTSIDE-TRUMP-HOTEL-IN-WASHING

Demonstrantar utanfor Trump International Hotel i Washington med klar melding.

Foto: MARK WILSON / Afp

Presidenten vil gi beskjed til forsvarsministeren om når åtaket skal skje og kva målet er. Trump vil alltid ha med seg ein person som har den berømte atomkofferten med seg. Kofferten skal mellom anna innehalda informasjon om moglege alternativ for atomåtak, korleis presidenten kan stadfesta sin identitet og korleis han kan kommunisera med forsvaret.

Forsvarsministeren vil så vidare gi lyd til militæret, og så blir etter kvart raketten sendt av garde.

Dei heilt nøyaktige rutinane er hemmelege, fortel forskaren i artikkelen. Forskar Wellerstein stiller spørsmål om forsvarsminister kan nekta å utføra ordre om å fyra av garde atomvåpen. Offisielt er det ikkje noko informasjon om dette, og på spørsmål om slike problemstillingar, er alltid svaret. «Berre presidenten kan godkjenna bruk av atomvåpen.»

På 80-talet kom det fram eit forslag om at presidenten ikkje burde ha lov til aleine å seia ja til å gjennomføra eit fyrste atomåtak, men at det også måtte bli vedteke av ein del av Kongressen. Det forslaget blei ikkje teke veldig seriøst.

Kva seier eksperten om Trump og atomvåpen?

Sverre Lodgaard er seniorforskar ved NUPI og har mellom anna atomvåpen som eit av sine spesialfelt. Han meiner det er vanskeleg å svara på om Trump kan ha ein lågare terskel enn andre amerikanske presidentar når det kjem til å bruka atomvåpen.

Sverre Lodgaard

Sverre Lodgaard

Foto: Nupi / NRK

– Nokon seier at han er ustabil, men det veit eg ikkje. Han er uerfaren, men det kan slå ut forskjellige vegar. Det finst og meiningsmålingar i USA som tyder på at fleirtalet av amerikanarane er opne for at atomvåpen kan bli brukt i gitte tilfelle. Om ein då står opp i dilemmaet om ein skal bruka det eller ikkje, vil kanskje ikkje folk flest halde presidenten tilbake, seier Lodgaard.

Han viser også til at amerikanske presidentar tidlegare har truga med å bruka atomvåpen, blant anna mot Saddam Hussein – dersom han brukte kjemiske våpen mot Israel under den fyrste Golf-krigen.

– Men når ein ser nærmare på dei truslane har iallfall dei fleste vore tomme truslar.

Nokre døme på kva Trump har sagt om atomvåpen

Til NBC i april: «Eg vil vera den siste til å bruka atomvåpen. Det er forferdeleg å bruka atomvåpen. Eg vil ikkje vera laus på avtrekkaren som nokre folk kanskje ville ha vore. Men eg vil aldri i verda sjå bort frå det.»

Til CNN i mars opna han for at Japan kunne skaffa seg atomvåpen, noko som er heilt i strid med politikken om ikkje-spreiing.

I ein av presidentdebattane i haust sa Trump at han ikkje ville vera den som fyrte av atomvåpen fyrst.

– Eg trur at når atomvåpen blir brukt, er det over. På same tid må me vera førebudd. Eg kan ikkje legga nokre alternativ bort.

Ville ikkje sjå bort frå å bruka atomvåpen i Europa

På direkte spørsmål om han vil bruka atomvåpen mot IS, har han sagt at han ikkje vil sjå bort frå det. Då han var på besøk hos Fox News ville han heller ikkje seia eit kontant nei til å bruka atomvåpen mot mål i Europa.

– Europa er ein stor stad. Eg vil aldri ta dei korta vekk frå bordet.

Trump har fleire gong brukt ordet «uforutsigbar» om korleis han vil te seg i konteksten atomvåpenbruk.

MSNBC-journalist Joe Scarborough har også hevda at Trump stilte ein ekspert på utanrikspolitikk følgande spørsmål: «Korfor kan ikkje USA bruka atomvåpen?» Dette har Trump-kampanjen gått ut og sagt ikkje er sant.

Kjelder: Time, NBC og thinkprogress.org

Har du lyst på endå meir stoff om Trump og atomvåpen, tilrår vi denne saka frå Guardian.

Les meir:

Dette har Trump sagt han skal gjøre som president

CIA-sjefen advarer Trump: – Katastrofalt å skrote Iran-avtalen

– Ingen har veto når presidenten har gitt ordre

SISTE NYTT

Siste nytt