Trump hardt ut mot Baldwin-parodi

Skodespelaren Alec Baldwin har hausta mykje ros for Donald Trump-imitasjonen sin på humorprogrammet Saturday Night Live. Trump sjølv er ikkje like begeistra.

I ein ny sketsj på humorprogrammet Saturday Night Live på NBC blir det blant anna gjort eit poeng ut av at Trump er ein ivrig Twitter-brukar, og han svarte altså ganske kjapt nettopp på Twitter. Og denne gongen sende han av garde Twitter-meldinga si før programmet var ferdig.

– Dårleg parodi

– Prøvde å sjå på Saturday Night Live, men det var ikkje mogleg å sjå på. Det var fullstendig forvrengt, slett ikkje artig og Baldwins parodi kunne ikkje ha vore dårlegare, heiter det i Twitter-meldinga frå den komande presidenten.

Alec Baldwin svarte med ei eiga Twittermelding: – Legg fram sjølvmeldinga di, så skal eg slutte. Ha!

Donald Trump.

Donald Trump på veg til karneval utkledd som seg sjølv. Temaet for kvelden var kjeltringar og heltar.

Foto: MARK KAUZLARICH / Reuters

Donald Trump brukte elles laurdagskvelden til å vere med på eit karneval heime hos ein av dei viktigaste finansielle støttespelarane sine i valkampen, milliardæren Robert Mercer. Temaet for karnevalet var «Kjeltringar og Heltar».

Laster Twitter-innhold

Utkledd som seg sjølv

Dei aller fleste var utkledde som enten det eine eller andre, men ikkje Trump. Då journalistar på utsida av det julepynta herskapshuset til Mercer på Long Island spurde kva han var utkledd som, peika han berre på seg sjølv og sa: – Meg!

Eit trådlaust nettverk som var sett opp i samband med selskapet hadde passordet «HeroesWin», på norsk «HeltarVinn».

Trump hadde med kampanjeleiaren sin, Kellyanne Conway, på festen, og ho hadde kledd seg ut som Super Woman.

Trump var på festen i to timar, og han rakk blant anna å halde ein takketale til Mercer-familien for hjelpa under valkampen. Elles har Donald Trump halde seg innandørs i husværet sitt i Trump Tower heile helga, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Kellyanne Conway som Super Woman.

Trumps kampanjeleiar Kellyanne Conway kom utkledd som Super Woman.

Foto: Evan Vucci / Ap

Klarer han å fjerne rusten fra «rustbeltet»?

Forsker: Kina urolig etter Trumps Taiwan-samtale

Dette er ikkje første gongen Donald Trump har hissa seg opp over Alec Baldwin og Saturday Night Live. I oktober kravde han at programmet skulle takast av lufta, fordi det kunne påverke valkampen i favør Hillary Clinton .

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt