Miljøorganisasjonar, fagrørsla og ei lang rekkje andre grupperingar har forlate klimakonferansen i Warszawa i dag, protest mot liten framgang.
Massiv oppslutnad
Internasjonalt sivilsamfunn, inkludert fagrørsla, miljørørsla, bistandsorganisasjonar, trussamfunn og urfolk gjekk i dag ut frå konferanselokalet der klimatoppmøtet i Warszawa går føre seg, i protest.
– Verdas leiarar maktar ikkje å gi oss det verda treng, derfor går vi ut i protest, seier Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, WWF Norge og Regnskogfondet i ei felles pressemelding.
Saka held fram
Blant dei internasjonale organisasjonane som forlét konferansen i protest er Greenpeace, WWF, Oxfam og ActionAid, og blir følgt av fleire norske deltakarar, blant anna norske Naturvernforbundet.
– Ligg dårlegare an enn i starten
– Vi risikerer å få eit klimatoppmøte som har eit verre resultat, og som betyr ein alvorlegare oppvarming av kloden enn det låg an til då møtet starta, seier leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken til NRK.
– Forhandlingane har vore eit kappløp mot botnen. Utsleppskutta som blei lovd etter København er svekka. Vi går for å vise vår motstand mot mangelen på ambisjonar og politisk vilje til å løyse klimaproblemet, seier Haltbrekken.
- LES OGSÅ:
Forhandlingane er inne i sine to siste dagar. Så langt har Australia og Japan trekt klimaforpliktingane sine, noko som gjer at dei samla måla for kutt i klimagassutslepp er lågare på nest siste dag av toppmøtet, enn det var då møtet starta.
LES:
– Dette er første år vi risikerer å gå ut av forhandlingane med lågare ambisjonar enn det vi gjekk inn med. No har dei snakka saman i 20 år utan å levere den klimaavtala verda trent. Det er ei katastrofe, seier Silje Lundberg, leiar i Natur og Ungdom.
– Eit alvorleg varsku
– Dette er eit alvorleg varsku til verdas statsleiarar og miljøvernministrar om at framtida står på spel. Difor markerer vi det så kraftfullt som vi gjer no, seier Haltbrekken.
Dagleg leiar i regnskogfondet, Dag Hareide, håpar også at protesten vil vekke merksemd blant statsleiarar rundt om kring i verda.
LES:
– Fleire land må kutte i utsleppa sine dersom vi skal ha sjanse til å unngå ein oppvarming av kloden. Heile miljørørsla og fleire går samla ut no, så dette må statsleiarar rundt om kring i verda legge merke til, seier han til NRK.
LO: Vi er frustrerte
Det er ikkje berre miljørørsla, men også fagrørsla som deltek i protesten. Her er Noreg representert ved Ann Beth Skrede i LO.
– For LO er det klart at vi, saman med ei internasjonal fagrørsle, er opprørt over kor sakte det går. Vi deltek i protesten for å vise at arbeidsfolk i alle delar av verda er samla om dette, seier ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Vi er frustrerte, og vi ønsker å gi ei klar melding til forhandlarane at dei no må ta seg saman, held ho fram.
Sundtoft håper på ny giv
Miljøvernminister Tine Sundtoft leiar den norske delegasjonen til møte, og på ein pressebrief torsdag ettermiddag sa ho at ho håpar utmarsjen vil føre til ny energi i forhandlingane som nærast har stoppa heilt opp.
– Det er eit kraftig signal. Eg håper at det signalet kan snus til noko positivt. Det markerer alvoret og ein forventing om at ein må bruke det neste døgnet til å få noko som helst på plass, seier Sundtoft.
– Korleis er situasjonen no i forhandlingane?
– Det vert arbeida vidare på overtid. Det er ingen gjennombrot å melde om. Det er lov å håpe på at alt heng saman med alt, og at noko kan landast, men slik det ser ut no, så ser det ikkje lyst ut, seier miljøvernministeren.
Ho seier at ho og den norske delegasjonen prøver å gå aktivt inn i forhandlingane og vere brubyggjarar mellom land som er ueinige, og sjå om det finst løysingar på dei vanskelege spørsmåla.
10.000 delegatar frå over 190 land er på plass under konferansen. Målet er mellom anna å legge grunnlaget for ein ny internasjonal klimaavtale.
Konferansen kan følgjast direkte her.