Hopp til innhold

Foreslår emoji med hijab

Ein 15-åring frå Tyskland meiner jenta med hijab manglar i mylderet av emojiar. No har ho søkt stiftelsen bak å utvide samlinga.

Hijab-emoji

POPULÆRT SYMBOL: Emojiar har blitt ein viktig del av digital kommunikasjon. Fråværet av eit symbol med ei jente med hijab har fått ei 15-åring i Tyskland til å søke om utvidelse av symbolsamlinga.

Då 15 år gamle Rayouf Alhumedhi og venene hennar lagde ei WhatsApp-gruppe der dei brukte såkalla «emojiar» i staden for namn, innsåg ho mangelen på ein emoji som representerte ho sjølv – med hijab.

Etter å ha lese ein artikkel om emojidesign, skreiv ho til the Unicode Consortium, ein organisasjon som vurderer og godkjenner nye emojiar, og lanserte eit forslag om ein emoji med hijab.

– Bilete er ein viktig del av kommunikasjonen

– I vår digitale tidsalder, er bilete ein avgjerande del av kommunikasjonen, skreiv ho i idéforslaget, gjengitt av BBC.

15-åringen frå Berlin, som opprinneleg kjem frå Saudi-Arabia, har fått støtte frå ein av grunnleggarane av diskusjonsforumet Reddit, Alexis Ohanian. Om den blir godkjend blir emojien tilgjengeleg i 2017.

Emojis

ÅRETS ORD: Emojis er blitt ein del av det moderne språket, slår den tradisjonstunge Oxford-ordboka fast. Her frå eit kinesisk kjøpesenter.

Foto: Chinatopix / AP

– Eg ville ha noko som representerer meg og dei millionane av kvinner som bruker hovudsjalet kvar dag, og som er stolte av å bruke det, seier ho til Washington Post.

– Bør spegle samfunnet

Marian Abdi Hussein

MEIR ENN EIT SYMBOL: Marain Abdi Hussein synes det er viktig at den visuelle vierkelegheita spegler alle personar i samfunnet. Her står ho med SV-politikar Audun Lysbakken.

Foto: Privat / NRK

SV-politikar Marian Abdi Hussein seier eit symbolbibliotek med emojiar kan kategorisere verkelegheita på ein måte som virker ekskluderande.

Sjølv bruker ho ikkje teikna i det daglige, men er einig med 15-åringen i Tyskland i at dette handlar om meir enn eit symbol på mobiltelefonen.

– Bilete apellerer til kjensla våre på ei heilt anna måte enn ord, og har ein sterk verknad på korleis vi ser på oss sjølv. Derfor bør teikna i større grad spegle samfunnet enn kva dei gjer no, seier ho.

Spesielt understrekar ho korleis det kan være sårt for barn og unge å ikkje kunne «finne» igjen selv sjølv.

– Det er jo ikkje teknologien som setter grensene for kva ein kan lage, så det er viktig at ein skaper medvit kring desse tema for å få til endring, seier Hussein.

På samme tid legg ho vekt på at ein emoji med hijab også er ei forenkla versjon av virkeligheita, fordi muslimer er meir mangfoldige enn kva symbolet viser.

Emojiar for alle

Laial Ayoub

POSITIV: Laial Janet Ayoub synest det er på tide at det lanseres ein emoji med hijab.

Foto: Katarina Theis-Haugan / NRK

Også Laial Janet Ayoub ynskjer ideen fra Tyskland velkommen.

Tidligare i august var ho i Dagsrevyen og debatterte mot Bård Vegard Solhjell om kvifor barn bør få lov til å bruke hijab i skolen.

– Alle bør finne noko som passar dem og skildrar dem. Eg synest 15-åringen har funnet på noko viktig, seier Ayoub.

– Det finnast lyse og mørkhudede emjoer, dei med kort hår og dei med langt hår. Det finnast emoji med turban, så det er på tide å få ein med hijab og.

SISTE NYTT

Siste nytt