Hopp til innhold

Fordømmer endringar i Roald Dahl sine barnebøker: Ikkje sikkert at dei blir endra i Noreg

Fleire forfattarar kritiserer det britiske forlaget Puffin for å sensurera dei kjende barnebøkene til den norsk-britiske forfattaren.

Tre av bøkene til Roald Dahl: Matilda, Charlie og sjokoladefabrikken og Verdens største fersken.

SENSUR: Endringane som er gjort i dei nyaste utgåvene til Roald Dahl sine barnebøker blir kalla sensur av fleire forfattarar.

Foto: Andrew Burton / AP

– Roald Dahl var ingen engel, men dette er absurd sensur, skriv forfattar Salman Rushdie på Twitter.

Han reagerer på at forlaget Puffin Books og Roald Dahl Story Company, som eig rettane til Dahls historier, har fått «sensitivitetslesarar» til å gå gjennom verka og endra ord og formuleringar ein kan oppfatta som støytande.

– Puffin Books og Dahl-selskapet burde skamma seg, la Rushdie til.

Sjølv den britiske statsministeren reagerer.

– Skjønnlitteraturen bør bevarast, ikkje blir pynta på, seier ein talsmann for statsminister Rishi Sunak.

– Når det gjeld riket vårt og varierte litteraturarv, er statsministeren samd med SVK i at vi ikkje bør gobblefunke med ord, seier talsmannen.

Gobblefunk er namnet på alle orda Dahl fann opp til rollefiguren SVK – Store Vennlige Kjempe – i boka med same tittel.

Ikkje sikkert at dei blir endra i Noreg

Det er Gyldendal som gir ut bøkene til norsk-britiske Dahl i Noreg, og tidlegare har forlaget sagt at verka også vil bli endra her til lands.

– Me fekk i ettermiddag informasjon om at revisjonane som Roald Dahl Story Company og Puffin har jobba med, er for den britiske marknaden, skriv kommunikasjonssjef i Gyldendal Steffen Aagedal i ein e-post til NRK.

Ifølge Aagedal vil Roald Dahl Story Company gå i dialog med dei ulike forlaga rundt endringar når selskapet når selskapet eventuelt vurderer endringar i andre utgåver enn den britiske.

Gyldendal er forplikta til å gjera endringar som dei får frå rettigheitshavarane, fortel forlagssjef i Gyldendal barn og ungdom, Eva Thesen.

– Men førebels har me ikkje fått noko derfrå, seier Thesen.

Forlaget vil ikkje spekulera i om det er dei same endringane som vil koma i dei norske utgåvene.

Les også Vitner om en historieløs holdning

«Enorm» i staden for «tjukk»

I dei nye versjonane av verka til Dahl er fleire ord og setningar fjerna eller endra.

Til dømes er «mor og far» endra til «foreldre», og «damer og herrar» endra til «folkens», skriv The Telegraph.

Roald Dahl med ein norsk utgåve av Matilda.

Roald Dahl presenterer ei norsk utgåve av barneboka «Matilda» i 1989.

Foto: Inge Gjellesvik / NTB

Oompa-Loompaane i Charlie og sjokoladefabrikken er ikkje lenger «små menn», men «små folk». Dei er heller ikkje «importert direkte frå Loompaland,» men «kjem frå Loompaland».

Ordet tjukk har blitt fjerna frå alle verka, og i staden for å vera «enormt feit», er Augutus Gloop i Charlie og sjokoladefabrikken berre «enorm».

Det same gjeld for ordet «stygg». I boka «Dustene» er Fru Dust nå berre «ekkel», i staden for «stygg og ekkel».

Meiner dei undervurderer barn

– Eg skjønner ikkje heilt at det er mindre stigmatiserande å kalla folk ekle enn å kalla folk stygge, seier barnebokforfattar Christopher Pahle til NRK.

Fleire setningar i boka Heksene er endra, eller berre fjerna i si heilskap.

Setninga «Du kan ikkje gå rundt og dra kvar dame du møter i håret, sjølv om ho går med hanskar. Berre prøv og sjå kva som skjer», er endra til «I tillegg er det mange andre grunner til at kvinner går med parykk og det er absolutt ingenting gale med det».

Les også Kunsthistoriker om fjerning av Krohg-maleri: – Dette er klassisk sensur

Christian Krohgs kjente maleri av Leiv Eiriksson som oppdager Amerika.

Christopher Pahle synest det er synd at verka til Dahl blir endra.

– Dahl er jo ein av dei største forfattarane frå det førre hundreår, men så er det også synd på eit meir overordna nivå, seier Pahle.

Han meiner ein er i ferd med å setta ein standard og opna ei dør ein kanskje ikkje burde opna. I tillegg meiner han endringane tyder på at ein undervurderer barn.

– Barn er smarte. Det er ikkje slik at dei sluker alt med hud og hår berre fordi dei les det i ei bok, seier barnebokforfattaren til NRK.

Nokre endringar i dei nye Roald Dahl-utgåvene

Damer og herrer

Folkens

Feit/tjukk

Enorm

Gammel kjerring

Gammel kråke

Har du nokon gong sett ei kvinner med eit styggare ansikt enn det? Eg tvilar på det

Har du nokon gong sett nokon med eit så stygt ansikt som det? Eg tvilar på det

Stygge gamle ku

Grusom gammal spissmus

Sjølv om ho jobbar som ei kassadame på ein daglegvare eller skriv setningar for ein foretningsmann

Sjølv om ho jobbar som ein toppforskar eller driv si eiga bedrift

Eg ønsker ikkje å snakka stygt om kvinner. Dei fleste kvinner er herlige

Fjerna

Du kan ikkje gå rundt og riva i håret til kvar dame du møter på, sjølv om ho går med hansker. Berre prøv og sjå kva som skjer

I tillegg er det mange andre grunner til at kvinner kan gå med parykk, og det er absolutt ingenting galt med det

Det var noko usømmeleg med ei skalla kvinne

Fjerna

Kammerpike

Reinhaldar

Bedårande kjoler

Nydelige kjoler

Disse kvinnene

Dei

Han

Dei

Håndveske

Veske

Monster

Fryktelig kvinne

Ond kvinne

Ond person

Umåtelig tjukk

Fjerna

Du må vera gal, kvinne!

Du må ha gått frå vettet!

Eg var gal

Fjerna

Mødre og fedre

Foreldre

Ho drog på gammeldagse seilskuter med Joseph Conrad. Ho reiste til Afrika med Ernest Hemningway og til India med Rudyard Kipling.

Ho reiste til nittenhundretalet sine eigendommar med Jane Austen. Ho reiste til Afrika med Ernest Hemningway og til California med John Steinbeck.

Blir kvit

Blir ganske bleik

Eit nydeleg, bleikt, ovalt, Madonna-ansikt

Ein nydeleg, ovalt ansikt

Små gutar og jenter

Barn

Ei heltinne

Ein helt

Brødre og søstre

Søsken

Bestemor var veldig glad i gin. Ho fekk lov til å ha ein listen slurk av det kvar kveld

Bestemor var veldig glad i gin. Ho likte å ta ein slurk av det kvar kveld

Din idiot

Din klovn

Som alle ekstremt gamle folk, var han skjør og svak

Som dei fleste ekstremt gamel folk, var han skjør og svak

Ho treng veldig grundig ris på rompa

Ho treng grundig tilsnakk

Det rørar seg! Det går! Det er ein liten mann!

Det er ein liten person!

Det er ein liten mann! Kan eg sjå han?

Det er ein liten person! Kan du sjå dei?

Dei kan ikkje vera ekte menneske, sa Charlie

Fjerna

Importert direkte frå Loompaland, sa Willy Wonka stolt

Dei kjem frå Loompaland

Stakkar små Oompa-Loompaane

Fjerna

Oompa-Loompaane brukte kvart augneblikk av dagen deira på å klatra i tretoppar

Fjerna

Du trengte berre nemna ordet kakao til ein Oompa-Loompa og han ville begynna å sikle frå munnen

Fjerna

Dei går framleis med dei same kleda som dei gjorde i jungelen. Dei insisterer på det

Dei liker vitser

Men Augustus var døv overfor alt anna unntatt rumlinga frå sin enorme mage

Men Augustus ignorerte alt

Men han er ein dverg! ropte Herr Teavee

Men han er liten! ropte Herr Teavee

Han pleidde å vera tjukk! Nå er han tynn som eit strå!

Fjerna

Det var noko svart...

Det var noko mørkt...

Den høge, svarte figuren

Den høge, mørke figuren

Eskimo

Inuitt

Sultanen

Ordføraren

Militærmennene

Militærpersonellet

Tre fulle menn som hadde drukke for mykje øl til lunsj

Tre fulle folk som hadde drukke for mykje øl til lunsj

Du veit aldri, sa Herr Hoppy mørkt...

Du veit aldri, sa Herr Hoppy mystisk...

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: The Telegraph

Lista over viser eit utval av endringane som er gjort i dei nye og engelske utgåvene av Roald Dahl sine barnebøker.

Les også Seks bøker barna vil sluke i vinterferien

Seks bokomslag til barnebøker.

SISTE NYTT

Siste nytt