Det er første gong nokon frå det berykta regimet til Pol Pot er dømde for folkemord.
92 år gamle Nuon Chea og 87 år gamle Khieu Samphan er dei einaste leiarane av Raude Khmer som framleis lever. Chea, kjend som bror nummer to, var neste i rekka etter leiaren Pol Pot, medan Samphan var statssjef.
Dei to vart begge dømde til livstid i fengsel. Dei sonar allereie ein livsdommar for brot mot menneska.
Dommen som fall i tribunalet i Kambodsja er den første offisielle anerkjenning av at det regimet gjorde er ifølgje internasjonal lov folkemord.
Hovudskallane er ei påminning om Raude Khmer-regimet, som kosta over to millionar menneskeliv i Kambodsja.
Foto: Chor Sokunthea / ReutersVille skru klokka tilbake til år null
Raude Khmer var radikale maoistar, som leia Kambodsja frå 1975 til 1979. Leiaren for kommunistrøyrsla var Saloth Sar, betre kjent som Pol Pot.
Pol Pot var leiar for Raude Khmer.
Foto: APDei hadde som mål å gjere Kambodsja til eit utopisk jordbrukssamfunn, fritt for vestleg påverknad.
Fleire millionar vart tvungne ut av byane og til landsbygda, til arbeidskoloniar som skulle verkeleggjere det kommunistiske bondesamfunnet. Leiarane for Raude Khmer ville skru tida tilbake, og revolusjonsåret 1975 skulle vere «år null».
I løpet av åra dei styrte vart om lag 1,7 millionar massakrerte, eller døde som følgje av svolt og sjukdom. Dette var om lag 25 prosent av befolkninga i Kambodsja.
Forfølginga gjekk særleg hardt ut over etniske og religiøse minoritetar.
I november 1978 rykka vietnamesiske styrkar inn i Kambodsja, og fekk i 1979 avsett Raude Khmer. Dei held fram krigføringa, og dei vietnamesiske styrkane vart verande i landet fram til 1989.
I 1993 blei kongedømmet innført på ny i Kambodsja, og det vart halde val til nasjonalforsamlinga. Dei som var att i Raude Khmer la ned våpena i 1999.
Lang prosess
Rettssakene mot Raude Khmer har fått mykje kritikk. Frå FNs spesialdomstol for Kambodsja (ECCC) vart oppretta i 1997, tok det ni år før den første saka kom for retten. Det er i alt brukt rundt 320 millionar dollar, og så langt er det berre tre leiarar som er dømde.
Dei fleste som var ansvarlege for drapa, inkludert Pol Pot, døydde lenge før dei kunne bli stilte for retten.
David Scheffer har vore ekspert for FN, og har gitt hjelp under rettssakene mot Raude Khmer. Han meiner dommen som kom fredag er svært viktig.
– Dette er samanliknbart med Nürnberg-dommen etter andre verdskrig, sa David Scheffer til The Guardian, og meiner det er verdt både pengane og innsatsen.
- Les også: