Hopp til innhold

Hamas: Fleire enn 10.000 palestinarar drepne i Gaza

Det Hamas-styrte helsedepartementet i Gaza melder at talet på drepne palestinarar er 10.022. Blant dei skal vere fleire enn 4100 barn.

-

FLEIRE DREPNE: Eit palestinsk barn sit ved sidan av mange som skal bli gravlagde etter eit angrep på Shuhada al-Aqsa-sjukehuset i Gaza. BBC sin reporter på bakken meiner angrepa er dei mest intense sidan krigen byrja.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Den israelske hæren har «utført 19 massakrar dei siste timane», hevdar departementet sin talsmann Ashraf al-Quedra ifølge AFP.

Han hevdar at nesten 300 palestinarar blei drepne i israelske luftangrep berre natt til måndag.

Israelske soldatar skal då ha kjempa frå hus til hus mot Hamas-styrkar i det tett befolka området. Det israelske forsvaret (IDF) hevda søndag at dei har «delt Gazastripa i to».

Palestinians gather at the site of an Israeli strike on a house

Natt til måndag var fylt av intense rakettangrep mot Gaza, også i sør. Her leitar palestinarar etter overlevande i Khan Younis.

Foto: IBRAHEEM ABU MUSTAFA / Reuters

– Det er no fleire sivile drepne i Gaza enn det har vore i heile Ukraina-krigen til no, sa utanriksminister Espen Barth Eide til NRK måndag morgon.

– Så omfanget av dette er altså ganske stort.

FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar seier måndag kveld at ytterlegare fem av deira tilsette er drepne i luftangrep på Gazastripa.

Dermed har dei mista 88 medarbeidarar i krigen, opplyser organisasjonen vidare.

Les også Israel: «Vi har kuttet Gazastripen i to»

Eksplosjoner og flammer sees i Gaza 5. november, sett fra sør i Israel

– Drap på endå fleire sivile

Leiarane for mellom anna Unicef, Verdas matprogram (WFP) og Verdsorganisasjonen for helse (WHO), Redd Barna, Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) og Care International er blant dei som har skrive under oppropet om våpenkvile.

Dei skildrar dei forferdelege tapa på begge sider sidan Hamas sine terroråtak på Israel 7. oktober.

– I Israel har over 1400 menneske blitt drepne og tusenvis har blitt skada. Meir enn 200 menneske, til og med barn, har blitt tatt som gissel. Det er forferdeleg, skriv dei med klar adresse til Hamas.

Martin Griffiths og Filippo Grandi med FN-banner bak seg.

Under-generalsekretær i FN, Martin Griffiths, og FN sin høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, er blant dei som har skrive under på brevet.

Foto: Martial Trezzini / AP

– Likevel, dei forferdelege drapa på endå fleire sivile i Gaza er ein skandale. Likeins som å ta frå 2,2 millionar palestinarar tilgang på vatn mat, vatn, medisin, elektrisitet og drivstoff, skriv dei 18 leiarane.

Det er sjeldan at FN-toppar og leiarar av hjelpeorganisasjonar kjem med ei slik felles fråsegn.

Krev umiddelbar våpenkvile

FN-leiarane ber begge sider oppfylle dei folkerettslege forpliktingane sine medan krigen rasar vidare.

Dei seier også at meir mat, vatn, medisin og brensel må sleppe inn for å hjelpe befolkninga i Gaza.

– Ei heil befolkning er omleira og under åtak i Gaza. Dei blir nekta tilgang til det mest naudsynte for å overleve, dei blir bomba i heimane sine, tilfluktsstader, sjukehus og gudshus. Dette er uakseptabelt, heiter det vidare.

Palestinians reload a truck with aid that fell from the vehicle, in Rafah

FN har sagt at det er behov for minst 100 lastebilar kvar dag for å dekke behovet for mat, vatn, medisinsk utstyr og drivstoff til befolkninga.

Foto: IBRAHEEM ABU MUSTAFA / Reuters

– Vi treng ei umiddelbar humanitær våpenkvile. Det har gått 30 dagar. Nok er nok. Dette må ta slutt no.

Dei ber òg Hamas lauslate over 240 gislar som blei bortførte 7. oktober.

Dronninga av Jordan ut mot Israel

Natt til måndag skal det jordanske flyvåpenet ha sleppt naudhjelp i Gaza, skriv kongen av Jordan på X. Det skal vere snakk om medisinsk utstyr til feltsjukehuset drive av Jordan i Gaza.

Jordanske styresmakter skal ha koordinert leveringa med det israelske forsvaret, melder AFP.

Like før flysleppet gjekk dronninga av Jordan ut og hevda at Israel sin motvilje til å inngå våpenkvile mot Hamas er korttenkt.

Israelske styresmakter har hevda det berre vil gje Hamas høve til å byggje seg opp.

Dronning Rania av Jordan

Dronning Rania av Jordan fortel til CNN at Israel si motvilje til våpenkvile er korttenkt. Her avbilda i oktober.

Foto: - / AFP

– Om du klarer å utslette heile Hamas, kva så? Den grunnleggjande årsaka til konflikten er ulovleg okkupasjon og rutinemessige menneskerettsbrot, seier dronning Rania til CNN.

Sidan 21. oktober har 451 lastebilar med hjelp kryssa grenseovergangen Rafah og kome inn på Gazastripa via Egypt.

SISTE NYTT

Siste nytt