Hopp til innhold

Fly med 43 om bord har styrta

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eit passasjerfly med 43 personar om bord, blant dei fleire utlendingar, har styrta i Afghanistan, opplyser det afghanske innanriksdepartementet.

Det er 38 passasjerar og eit mannskap på fem om bord i flyet frå det afghanske selskapet Pamir Airways. Det er uklart om nokon har overlevd flystyrten. Flyet er ein Boeing 737.

Ein afghansk talsmann seier at flyet har styrta ein stad i Salangpasset, andre kjelder nyttar namnet Salangfjella. Han seier dei har bede den internasjonale ISAF-styrken om hjelp til å leite etter flyet frå lufta.

Salangfjella ligg rundt 100 kilometer nord for Kabul på vel 4000 meters høgde

Det er også sendt leitemannskap inn i den uvegsame fjellområdet.

Flykontrollen miste kontakten med flyet, som var på veg frå Kabul til byen Konduz nord i landet, klokka åtte i dag lokal tid.

Flyselskapet stadfestar at det er seks utlendingar om bord, men har ikkje sagt noko om kva nasjonalitet dei har.

LES OGSÅ: Jens Stoltenberg feirer 17. mai i Afghanistan.

LES OGSÅ: To NATO-soldatar drepne

LES OGSÅ: Flere sivile ofre i Afghanistan

LES OGSÅ: 30 døde i bombeangrep i Afghanistan

SISTE NYTT

Siste nytt