Hopp til innhold

Fleire drepne etter åtak mot NATO-bil

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minst tre personar er drepne og meir enn 30 såra etter at ein sjølvmords­bombar i bil angreip eit pansra NATO-køyretøy sør i Afghanistan.

Åtaket skjedde torsdag i den sørlege byen Lashkar Gah.

– Sjølvmordsbombaren detonerte ein Toyota sedan lasta med eksplosiv, opplyser Daoud Ahmadi, talsmann for lokale styresmakter til AFP.

Barn blant dei døde

Eit barn er blant dei døde. Fleire kvinner og born er skadde, og dødstala vil truleg auka utover dagen, ifølgje talsmannen frå Helmand-provinsen.

Lashkar Gah er det administrative senteret i provinsen. Bilbomba eksploderte like i nærleiken av Utdanningsdepartementet.

Laurdag førre veke vart fire sivile afghanarar drepne av ei bilbombe i utkanten av Laskhar Gah.

SISTE NYTT

Siste nytt