Hopp til innhold

Finsk marine søkjer etter mystisk objekt

Eit ukjent objekt er observert i sjøen utanfor den finske hovudstaden Helsingfors, og den finske marinen leitar no i området.

Finsk marine leitar etter mystisk objekt.

Finsk marine leitar etter mystisk objekt i sjøen.

Foto: Lauri Järvelin / Lehtikuva

Observasjonane av det mystiske objektet vart gjort måndag og tysdag, opplyser Yle.fi

Det eventuelle objektet vart sett innanfor finsk territorialvatn nær Helsingfors.

Kan vere ein framand ubåt

Fleire marinefartøy leitar no i området etter det som kan vere ein framand ubåt, og det vert også brukt varselbomber.

Det finske forsvaret vil ikkje seie eksakt kvar observasjonane vart gjort, eller kva for objekt det er snakk om, skriv avisa Hufvudstadsbladet.

– Alt som vi observerer, må vi reagere på i tråd med territorialovervakingslova. Difor reagerer vi på denne måten, seier operasjonssjef Olavi Jantunen til avisa.

SISTE NYTT

Siste nytt