Fem menneske vart drepne i eit israelsk helikopterangrep i ettermiddag. (AP-Scanpix-foto)
Ein av dei drepne i angrepet er Megled Hamid, leiar for den væpna greina av organisasjonen Islamsk heilag krig, Jihad. Også ein anna leiar i den væpna greina av organisasjonen vart drepen, det vart også tre sivile.
Fleire hundre aktivistar i Islamsk heilag krig, Jihad, samla seg i gatene etter angrepet. Då nyheita om sjølvmordsaksjonen i Tel Aviv nådde dei, vart det stor jubel blant dei frammøtte.
- Gud har teke hemn, ropte dei.
Dette er det første angrepet mot leiarar frå dei militante palestinske gruppene sidan 20. oktober, då to aktivistar frå Hamas vart drepne i eit liknande angrep i Gaza by.
Islamsk heilag krig, Jihad, har utført fleire sjølvmordsaksjonar inne i Israel.