Hopp til innhold

Evo Morales vert nekta å stille til val

Valkommisjonen i Bolivia har kunngjort at tidlegare president Evo Morales ikkje får stille til val som senator i mai.

Evo Morales

NEKTA: Bolivias tidlegare president Evo Morales får ikkje lov å stille til val som senator.

Foto: Natacha Pisarenko / AP/NTB Scanpix

Tenestemenn i valkommisjonen sa på ein pressekonferanse torsdag at Morales «ikkje fyller vilkåra» for å stille til val.

Morales kallar avgjerda eit slag mot demokratiet. På Twitter seier han at medlemmene av valkommisjonen veit godt at han fyller vilkåra. Han skuldar dei for å prøve å stengje ute partiet hans, MAS, frå valet.

Laster Twitter-innhold

Morales vart pressa av dei militære til å gå av som president i fjor etter store demonstrasjonar som følgje av skuldingar om valfusk ved presidentvalet han hevda å ha vunne.

Han gjekk deretter i eksil og bor no i Argentina.

Sjølv om Morales ikkje stiller opp i presidentvalet som vert halde i mai, leier han valkampen til MAS. I januar kunngjorde han at Luis Arce er kandidaten til MAS, og at David Choquehuanca er visepresidentkandidat.

LES OG: Professor om Morales: – Synkende popularitet blant sine egne svekket urfolksikon

SISTE NYTT

Siste nytt