Hopp til innhold

Europa får russisk gass igjen

Det strøymer igjen gass frå Russland via Ukraina til EU-landa, for første gong på to veker.

Julia Timosjenko og Vladimir Putin

Endeleg samde om gass. Julia Timosjenko og Vladimir Putin.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / REUTERS

Ordren om å gjenoppta gasselveransane kom etter at Ukrainas statsminister Julia Timosjenko underteikna ein ny 10-årig gassavtale med Russlands statsminister Vladimir Putin.

Gasskrisa braut ut i nyttårshelga, då Russland stengde gassleveransane til Ukraina fordi Russland meinte at styresmaktene i Kiev ikkje hadde gjort opp for seg.

Gasskranene er skrudde på igjen.

Europa får gass frå Russland igjen.

Foto: Konstantin Chernichkin / REUTERS

Ei veke vart alle leveransar til EU-området stansa, og Russland skulda Ukraina for å stele gass.

Dette skjedde midt under ei av dei verste kuldebølgjene i Sentral- og Aust-Europa på fleire år.

Ein talsmann for Gazprom seier at leveransane av gass til Europa via Ukraina var ullt operative frå kl. åtte norsk tid (kl. 10 russisk tid)

Også leveransane til gass som skal nyttast av Ukraina er sette i gang igjen. Dei to landa er samde om ein avtale der Ukraina får eine rabatt på 20 prosent på gass i forhold til EU-landa. Prisen Russland betalar for å få sende gass gjennom Ukraina til EU blir uendra.

Russland leverer omtrent ein firedel av all gass som blir brukt i Europa, og 80 prosent av denne gassen går via Ukraina. Også for tre år sidan var det strid om betaling for gassen mellom dei to tidlegare sovjetstatane, men då vart saka løyst langt raskare enn det som var tilfellet i år.

SISTE NYTT

Siste nytt