Hopp til innhold

EU-parlamentet vedtok klimalov etter bondeopprør

Trass protestar frå rasande bønder, og at den største partigruppa snudde i siste liten, blei den omstridde naturrestaureringslova vedteke med eit knapt fleirtal tysdag.

Traktor kjører rundt med en plakat som protesterer mot ny klimalov i EU,

Bønder har protestert mot den nye klimalova i fleire store byar i Europa. Her frå Brussel måndag. Tysdag blei lova vedteke med eit knapt fleirtal i EU-parlamentet.

Foto: AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Avstemminga over den nye lovpakken tysdag, skulle ha vore ein formalitet.

Men lova har møtt motstand frå bøndene i unionen, som har protestert i fleire europeiske storbyar. Måndag blokkerte nesten 1000 traktorar EU-hovudkvarteret i Brussel.

Dette førte til at den største partigruppa i EU-parlamentet, konservative EPP, snudde i siste sekund og gav tommelen ned for lova.

Men trass i snuoperasjonen, gjekk eit fleirtal inn for å vedta lova tysdag. 329 representantar stemte for lovpakken, medan 275 stemte imot. 24 representantar stemte blankt.

Viktig for grøn omlegging

Den nye lova er viktig for den grøne given i EU.

Ho pålegg medlemslanda å restaurere minst 30 prosent av øydelagde grøntområde og våtmarkar innan 2030. Innan 2050 skal 90 prosent av økosystemet vere i balanse.

I tillegg har lova klare mål for biologisk mangfald i landbruket, og at myr- og torvområde skal bli restaurert.

– Den nye lova bidreg til at vi kan oppfylle fleire av våre internasjonale klimaforpliktingar, seier den sosialdemokratiske EU-parlamentarikaren Cesar Luena til AFP.

Fugler leter etter mat på et jorde i Flandern

Bønder i EU fryktar for dårlegare vilkår for landbruket etter at den nye lova er vedteke i EU-parlamentet.

Foto: Virginia Mayo / AP

Men bøndene meiner den nye lova fører til dårlege vilkår for landbruket, og opprøret som har vore i EU den siste tida truga med å velte heile semja.

Støttar bøndene

EPP-leiar Manfred Weber heldt tysdag ein pressekonferanse der han forklarte kvifor partigruppa snudde. Han seier dei meiner lova ikkje svarar på dei utfordringane ein står overfor.

– Lova er dårleg skrive, og leverer ikkje sakene. Vi må be bøndene produsere meir, ikkje mindre, sa han.

EPP-leder Manfred Weber

EPP-leder Manfred Weber

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / AFP

Men sosialdemokratiske S & D, Dei grøne og liberale Renew meiner EPP er uansvarlege, og blir skulda for å drive med bondepopulisme.

No må lova bli formelt vedteke av EUs ministerråd før ho trer i kraft. Men etter at EPP har snudd, er det uvisst om det er fleirtal for lovpakken der, skriv Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.