Hopp til innhold

EU diskuterer vaksinepass med fordelar

Eit vaksinepass kan opna opp for reiser utanlands. EU diskuterer no om dei vil innføra eit felles system for vaksinesertifikat.

Covid-19 vaksine

Sprøyte med den nye koronavaksinen frå Pfizer/Biontech.

Foto: Berit Roald / NTB

Landa i EU sparka i går i gang debatten om folk som har mottatt koronavaksine skal ha større fridom til å reisa enn dei som ikkje er vaksinerte, melder nyheitsbyrået Reuters.

EU vil vaksinera 70 prosent av den vaksne befolkninga innan sommaren. Måla er del av eit diskusjonsnotat som skal takast opp i eit videomøte i unionen i dag. Dei skal også diskutera moglegheitene for vaksinepass, skriv NTB.

– Dette er ei viktig sak for fri ferdsel i EU, seier ein talsperson for EU-kommisjonen.

Talspersonen opplyser at EU-kommisjonen no er i «aktiv diskusjon» med medlemslanda om eit felles system for vaksinesertifikat.

Håpet har mellom anna vore at dei såkalla vaksinepassa skal gjera det mogleg for vaksinerte å sleppa karantene når dei kryssar grensene.

I tillegg kan passa opna eit rom for store konsertar, festivalar og andre arrangement med mange deltakarar.

Hellas tek initiativ

Ifølgje nettavisa Euractiv var det Kypros som var først ute med å ta til orde for vaksinepass i EU.

Statsministeren i Hellas, Kyriakos Mitsotakis, følgde opp i eit brev til EU-kommisjonens sjef Ursula von der Leyen. Der tok han til orde for eit felles system for sertifikat i EU som gjer det mogleg for vaksinerte å kryssa grensene fritt.

Hellas har til no greidd å halda kontroll på smitten, og har dei siste vekene hatt lågare smitte enn Noreg.

Det vil ikkje bli krav om å vera vaksinert for å sleppa inn i Hellas i sommar, understrekar den greske turistministeren Haris Theoharis til avisa Ekatimerini.

Dei som har eit vaksinesertifikat kan derimot sleppa å visa negativ test ved innreise.

Frode O. Andersen ambassadør i Athen

Ambassadør i Athen: Frode Overland Andersen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Hellas har klart seg veldig bra så langt, og er opptekne av å halda låge smittetal, seier ambassadør Frode O. Andersen i Athen til NRK.

– Samstundes er 25 prosent av bruttonasjonalproduktet knytt til turisme, som hadde ein forferdeleg sesong i 2020. No prøver Hellas å gjera to ting på ein gong: behalda låge smittetal, men samstundes få turismen i gang igjen. Det er landet heilt avhengig av, seier Andersen.

Positiv president

Europakommisjonens president, Ursula von der Leyen, skal ha støtta ideen om eit felles vaksinepass som kan bli etablert av EU. I ei portugisisk avis skal ho ha blitt spurt om førespurnaden til den greske statsministeren.

ursula von der leyen

Europakommisjonens president, Ursula von der Leyen.

Foto: Pool / Reuters

Det er eit medisinsk krav å ha eit sertifikat som viser at du er vaksinert, uttalte ho.

Av andre EU-land har både Danmark og Polen varsla at dei vil byrja å skriva ut vaksinepass.

Andre land, som Frankrike, har derimot vore meir avvisande.

Vil halda fram diskusjonen i toppmøte

På torsdag skal vaksinepass-saka opp i EU sitt toppmøte.

Presidenten for Det europeiske råd, Charles Michel, skriv i møteinvitasjonen at vaksinasjonsprosessen opnar debatten om vaksinesertifikasjon.

Belgium EU Summit

Presidenten for Det europeiske råd, Charles Michel.

Foto: Olivier Hoslet / AP

«Vi vil diskutera om det er eigna å ha ei felles tilnærming til sertifisering. Vi vil også diskutera, om det er hensiktsmessig, i kva for nokre omstende sertifikatet kan brukast», skriv han.

Uavklart i Noreg

Vaksinesertifikat kan bli nøkkelen til gjenopning av grensene i Europa. Men regjeringa har ikkje teke stilling til om vaksinerte skal få fordelar i Noreg.

Helse- og omsorgsdepartementet og Folkehelseinstituttet følgjer no nøye med på diskusjonane, som er i gang både i EU og i Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Men om det kan bli aktuelt i Noreg med eigne reglar for dei som er vaksinert mot covid-19, er ikkje avklart.

– Det er ikkje teke stilling til om framlegging av dokumentasjon på gjennomført vaksinasjon kan gi fordelar ved innreise eller deltaking ved arrangement, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H) til NTB.

Ho understrekar at det blir opp til kvart enkelt land å avgjera korleis eventuelle vaksinepass kan brukast.

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H).

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt